Som deltakar får ein unik politisk erfaring, eit breitt internasjonalt nettverk og vener for livet!

Simon Ingebrigt Golombek, ungdomsdelegat Europarådet

Europarådets Kommunalkongress

Foto: KS/Hege K. Fosser Pedersen

Lenkeblokk Icon Les mer om Kommunalkongressen her

Simon er 26 år gamal og studerer robotikk ved UiO. I motsetnad til mange tidlegare delegatar har han ingen partipolitiske verv, men er samfunnsengasjert og har mellom anna sete i landsstyret til Norsk Målungdom. 

- Kva er Europarådet?

- Europarådet er eit organ med sete i Strasbourg som jobbar for å fremja demokrati, menneskerettar og rettsstatsprinsipp i Europa. Dette er separat frå EU og her er Noreg au medlem. Mellom anna vedtek rådet felles resolusjonar og fråsegner som medlemslanda skal implementera og dei gjennomfører òg overvaking av val. Den europeiske menneskerettsdomstolen er underlagd Europarådet, så arbeidet har stor påverknad på europeisk politikk. 

- Kva er kommunalkongressen og kva slags saker diskuterast?

- Europarådet behandlar vanlegvis saker av nasjonal betydning, men to gonger i året har dei ein kommunalkongress kor lokale og regionale styresmakter står i fokus. Då diskuterer me saker som handlar om lokaldemokrati, overvaking av kommunes- og fylkesval, urbane utfordringar, korleis regionar kan bidra til å løysa diverse problem blant anna.

Lenkeblokk Icon Vil du bli ungdomsdelegat? Sjå her!

- Korleis inkluderer dei ungdom?

. For nokre år sidan introduserte kommunalkongressen The Rejuvenating Politics Initiative. Dette initiativet inneber at dei vel ut éin ungdomsdelegat frå kvart medlemsland. I nokre av sesjonane blir me bedne om å førebu innlegg, men me har oppmøte- og talerett i alle sesjonar. I tillegg skal kvar ungdomsdelegat jobba med eit prosjekt i tida mellom dei to sesjonane som fremjar prinsippa til rådet i lokalmiljøet vårt. Me blir lytta til og inkludert der me kan bidra og inviterast au på nokre av dei andre konferansane til kongressen i andre land. Men eg skulle ynskja at slike ungdomstiltak hadde spreidd seg til dei andre delane av Europarådets virke, ikkje berre kommunalkongressen.

Ungdomsdelegatene saman med Mathieu Mori, generalsekretær i kommunalkongressen. 

- Kva var høgdepunktet for deg i kongressane?

- Høgdepunktet for meg var å førebu kommentarar til to saker eg er opptekne av. I den første kongressen var det ein sesjon med orskifte om fordelane og ulempene ved direkte val av borgarmeistrar. Då snakka eg om korleis dette kunne få uheldige konsekvensar dersom ein valde feil stemmesystem. Sidan mange hadde sett seg på talelista, fekk me plutseleg beskjed om at kommentarar måtte reduserast frå 3 til 1 minutt. Eg har framleis ikkje tort å sjå opptak av at eg prøver å speedrunne den teksten.

I den andre sesjonen vedtok rådet eit nytt urbant charter, som ikkje har vorte oppdatert på over 30 år. Då hadde eg ei kritisk innvending til ei formulering om korleis bypolitikk måtte forankrast i nabolaga, som eg fryktar kan misbrukast og føra til at nødvendig bustadutbygging og anna utvikling blir torpedert.  

Sidan Europapalasset er under oppussing, vart plenumssesjonane haldne i Europaparlamentet. Som ein sterk EU-forkjempar var det ekstra spesielt å tala i den salen.

- Kva var prosjektet ditt?

Eg samarbeid med den austerrikske ungdomsdelegaten om å laga ein podkast for Rejuvenating Politics-initiativet. Det var faktisk eitt av fem prosjekt som vart valde til å presenterast under kongressen. 

- Kva saker er dei viktigaste frå dei unge i denne kongressen?

Dei vanlegaste temaa var klimaet og inkludering av ungdom i politikken. Til den andre sesjonen hadde me betre tid til å setja oss inn i sakspapira og førebu innlegg. Då hadde me mellom anna innlegg om alt frå mental helse, til feilinformasjon på internett, til korleis ungdom kan vera brubyggjarar og skapa grobotn for fred mellom land som har vore i konflikt. 

- Korleis er samarbeidd med dei nasjonale delegasjonane?

- Ein er ikkje ein del av den nasjonale delegasjonen sin, så det avheng veldig frå land til land. Den norske delegasjonen har vore veldig oppteken av å inkludera meg. Eg vart mellom anna invitert på dei nordisk-baltiske møta, middag med ambassadøren og førebuingsmøte før avreise. I sumar kom Europarådet på besøk til Noreg for å laga ein rapport om til kva grad Noreg fylgjer forpliktingane sine for å leggja til rette for lokalt sjølvstyre. Då fekk eg høve til å delta på møtet og komma med kommentarar til utkastet for rapporten. Så tusen takk til alle i KS og resten av den norske delegasjonen til Europarådet for all hjelp og støtte!

- Kvifor søkte du om å bli ungdomsdelegat?

- Eg er veldig oppteken av internasjonalt samarbeid sidan eg meiner at dei fleste utfordringar me står overfor krev nettopp internasjonal handling. For meg var det spesielt spennande å oppleva korleis slike organisasjonar fungerer frå innsida.

- Kva vil du seia til andre som vurderer å søkja?

- Eg oppmodar alle som synest det høyrest spennande ut å søkja. Som deltakar får ein unik politisk erfaring, eit breitt internasjonalt nettverk og vener for livet!