Matrikkelen er eit slikt grunnsystem som vi på ein måte ikkje tenker over, men som er heilt avgjerande for at andre system og tenester skal fungere.

Torbjørn Steffensen

Så lenge det blir gjort og alt går som det skal, vil ingen legge merke til det. Men det ville blitt svært synleg dersom det ikkje blei gjort, seier Steffensen. 

Dersom grunnmuren til huset ditt har feil eller manglar, vil desse feila forplante seg og lage problem for resten av huset ditt. Slik er det òg med grunnlaget for den nye kommunen. Ein kommune har nemleg ei rekke grunnleggande register kor mange eksterne system hentar opplysningar frå. Matrikkelen er det samla registeret over eigedomskart, grunneigedomar, bygningar og adresser i heile kommunen (matrikkel m. seinlatin matricula ‘liste’, diminutiv av, latin matrix‘ (liv)mor, grunnstamme’, offentleg register over grunneigedomar).

Feil kan forplante seg
Når du til dømes søkjer om lån eller sender skattemelding, hentar banken eller Skatteetaten opplysningane dei treng i kommunen sin matrikkel. Dersom matrikkelen har feil eller manglar, vil dette kunne forplante seg og få konsekvensar, til dømes for lånesøknaden eller utrekningsgrunnlaget for likninga di. Det er med andre ord svært viktig at matrikkelen er rett, oppdatert og utan rom for feiltolkingar.

Set Bjørnafjorden på kartet
Torbjørn Steffensen er fagleiar for kart- og oppmålingsavdelinga i Os kommune og ansvarleg for delprosjektet med matrikkel- og kartdata for Bjørnafjorden kommune. Saman med Hildegunn Øpstad og Jan Egil Leirstein frå Fusa kommune, og Mona Hovdenes frå Os kommune, jobbar han for å klargjere og – bokstaveleg talt – kartlegge alle nødvendige data før 2020. Karttenestene i dei to kommunane skal òg samkøyrast, slik at det er enkelt for brukarar å hente ut dei nødvendige opplysningane frå kartløysingane på nettsidene til kommunen.

Nye gardsnummer i Fusa
Når Os og Fusa blir til Bjørnafjorden kommune, må òg dei to matriklane slå seg saman. Alle data i Bjørnafjorden kommune sin matrikkel må vere eintydige. Til dømes kan ikkje to vegar ha same namn, eller to gardar ha same gardsnummer. Regelen er då at kommunen med færrast gards- og bruksnummer må ommatrikulere, altså gjere endringar i sitt register for å sikre eintydige oppføringar. Dette betyr at Fusa kommune vil få ny gardsnummerserie frå 1. januar 2020. Bruksnummer vil vere uendra.

Nytt kommunenummer
Bjørnafjorden kommune vil òg få eit nytt kommunenummer. Alle kommunar i Noreg har eit unikt kommunenummer på fire siffer, som blir brukt for å eintydig definere ein kommune, til dømes i samband med statistikk eller forvaltningsoppgåver. Kommunenummeret blir òg brukt i andre samanhengar, til dømes på øyremerke for kyr og andre husdyr for at slakteriet skal kunne identifisere eigaren av dyret. Dersom du endrar identifikatorar i eitt system, får det konsekvensar for andre system. Er kommunenummeret i øyret feil, blir det krøll i systemet for slakteriet – og ingen veit kven som eig kua.

Litt som husarbeid
Statens kartverk står for sjølve oppdateringa av dei sentrale registra, men det er opp til kommunane å legge til rette for overgangen.

– Matrikkelen er eit slikt grunnsystem som vi på ein måte ikkje tenker over, men som er heilt avgjerande for at andre system og tenester skal fungere. Så lenge det blir gjort og alt går som det skal, vil ingen legge merke til at to matriklar blir til éin. Men det ville blitt svært synleg dersom det ikkje blei gjort – akkurat som med husarbeid, seier Torbjørn Steffensen.