Høyringssvaret frå KS (pdf)

Lenkeblokk Icon NOU 2023:10 Leve og oppleve

Nedanfor er KS sitt eige forslag til tiltak i høyring om «NoU 2023:10 Leve og Oppleve». Heile høyringssvaret frå KS finn du her.

Forslag om program for berekraftige reisemål

KS vil framheva at fleire kommunar og fylkeskommunar arbeider godt med reisemålsutvikling og besøksforvaltning som til dømes Nordland fylkeskommune. Nordland fylkeskommune har sett i gang eit prosjekt om besøksforvaltning i destinasjon Lofoten, reisemål Vega og besøkspunkt Svartisen / Meløy.  Prosjektet skal bidra til utviklinga av eit berekraftig og opplevingsbasert reiseliv som gir lokal verdiskaping i fylket. Målet er å utvikla ein metodikk som kan brukast som verktøy i kommunar som ynskjer å satsa på besøksnæringar. Prosjektet inkluderer næringslivet, grendelag, folkevalde og administrativt tilsette. Fylkeskommunen tilbyr kurs i besøksforvaltning for politikarar og for innbyggarar. Næringslivet og interesseorganisasjonane har og vore invitert med. Ein av suksessfaktorane er at det har vore skreddarsaum med kommunale / lokale døme.

Vestland fylkeskommune, Viken og Agder er også i gang med særskilte satsingar som gir erfaringar å bygge på. Desse satsingane kan vera til inspirasjon for fleire fylkeskommunar og kommunar.

Utfordringane og potensiala som utvalet framhevar let seg ikkje møte utan ekstra innsats, samarbeid og erfaringsutveksling på alle forvaltingsnivå. Kommunar og regionar / fylkeskommunar treng både verktøy og ressursar til å utvikle reiselivet.

KS vurderer at mange fylkeskommunar og kommunar er mogne til å samarbeide om utvikling av berekraftige reisemål. Staten kan bidra til å utløyse resultat og effektar gjennom eit eige program for berekraftige reisemål knytt til dei utfordingane og potensiala som utvalet peiker på.

Programmet må utviklast i tett samarbeid med fylkeskommunane og kommunane. Det er gode erfaringar med denne typen program. Døme på dette er «Naturarven som verdiskaper» og «Lokalsamfunnsutvikling i kommunane (LUK)». Erfaringar viser også at det må arbeidast over tid med eit slikt program og KS føreslår at programmet går over minimum seks år.

Programmet bør handle om reisemålsleiing og besøksforvaltning: Det må innehalde økonomisk og fagleg støtte til å teste ut ulike tiltak som er foreslått av utvalet. Vegleiar for gode reisemål kan vera ein del av programmet. Programmet kan teste ut ulike tiltak som er foreslått av utvalet.

KS føreslår at staten opprettar programmet i eit samarbeid mellom fleire departement, i alle fall Kommunal- og distriktsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Programmet bør utviklast i samarbeid med fylkeskommunane som må kunne søke om midlar og støtte frå programmet saman med reisemålskommunar.