Barnelova regulerer kva rettar borna skal ha overfor foreldra og kva foreldra kan avgjera på vegner av borna sine. Dette er reguleringar som også er viktige for kommunesektoren, fordi desse reguleringane påverkar kva handlingsrom kommunen har til å oppfylla sine plikter overfor borna og kva handlingsrom barnet har til å krevja sine rettar oppfylt overfor kommunen.

Høyringssvaret frå KS ser på framlegg til ny barnelov ut frå dette perspektivet. KS vil i det følgjande ta opp dei kapitla i NOU 2020:14 som KS har merknader til.

Sett til eksponeringa kommunesektoren har mot barn, meiner KS at kommunesektoren burde vore representert i lovutvalet.

Heile høyringssvaret (pdf)