Eit liknande innlegg om denne saka sto på trykk i Kommunal Rapport 22. juni 2017 og var skriven av direktør for interessepolitikk i KS, Helge Eide.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen tilbakeviser i Kommunal Rapport 6. juni at regjeringa har opna opp for all slags bruk av vannskuter. Han framhevar at det er bra at kommunane no også får høve til å regulere bruken av vannskuter ut frå kva som trengst lokalt.

Det er bra at regjeringa har tillit til norske kommunar si evne til å forvalte naturressursar. Det er likevel problematisk at regjeringa gjennomfører hastevedtak, og at den ikkje gir kommunane tid nok og vegleiing til å gjennomføre dei reguleringane dei sjølve ønskjer.

Nokre kommunar har no gitt opp å få vedteke forskrift, som kan gjelde i sommar, sjølv om dei eigentleg ønskjer det.

Kommunane treng tid 
Saken om vannskuterforskrifta blei send på høyring 23. desember 2016 med høyringsfrist 23. februar 2017. Fleire kommunar peikte i høyringa på at dei trengte tid og vegleiing til å innføre lokale forskrifter. Desse innspela blei ikkje tekne omsyn til. Regjeringa la fram sitt endringsforslag i ein proposisjon til Stortinget 5. april i år. Rett før sommarsesongen kom i gang, 18. mai, kunne kommunane lese på nettsidene til Klima- og miljødepartementet at «scootere skal heretter kunne brukes på lik linje med båter i de aller fleste områder. Dette er en følge av at scooterforskriften oppheves.»

I same pressemelding stod det òg at «Kommunene kan, ved behov, fastsette lokale forskrifter om bruk av scooter.» Problemet var at ingen kommunar stod klare då til å vedta slike forskrifter straks.

Skilje vannskuter og andre farkostar?
Ein vegleiar frå Samferdsledepartementet kom først 6. juni. Heller ikkje denne opplevde  råka kommunar som klar. Vegleiaren trekker fram motorferdslelova, hamne- og farvasslova og plan- og bygningslova som moglege heimelgrunnlag. Ei kjelde til forvirring i kommunane er i kva grad kommunane kan skilje mellom vannskuterar og andre farkostar, og kva grunngjevingar som i så fall vil vere juridisk haldbare for dette.

Sprikande signal frå regjeringa
I fleire kommunar finst det no eksempel på at det er politisk fleirtal, og stort engasjement, for å vedta lokale forskrifter straks. Administrasjonane i desse kommunane har likevel ikkje den nødvendige kapasiteten som trengst for å få på plass dei reguleringane som politikarane etterspør i sommar.  Fleire kommunar har oppfatta sprikande signal frå regjering og departement når det gjeld kva heimel som faktisk finst til å innføre dei reguleringar som fleire kommunestyrer ønskjer. Utvalet for miljø- og byutvikling i Porsgrunn kommune har for eksempel i staden vedteke å greie ut om høvet for å innføre eit forbod. 

Nokre kommunar har no gitt opp å få vedteke forskrift, som kan gjelde i sommar, sjølv om dei eigentleg ønskjer det.

KS jobbar med saka
KS skal gjere sitt for tross alt å støtte kommunane i denne situasjonen.  Vi inviterer  kommunar som er råka til eit seminar om lokale vannskuterforskrifter 24. august.

Her vil vi invitere utvalde kommunar til å presentere sine problemstillingar. KS-advokatene vil bruke sin juridiske kompetanse til å kommentere måtar å møte ulike typar utfordringar på.

Les meir om seminaret på lenka nedanfor.