Merksemd om denne typen samspelseffektar er likevel nærast fråværande i klima- og miljøpolitikken. Det er blant paradoksa Vestlandsforsking peikar på i ei utgreiing laga på oppdrag frå KS.

Lenkeblokk Icon Les rapporten "Samspeleffektar i lokal miljø- og klimapolitikk" Lenkeblokk Icon Se presentasjonen "Samspeleffektar i lokal klima- og miljøpolitikk"

Klimapolitikk, klimatilpassing, energiomstilling og naturforvalting heng saman. Vern og restaurering av natur kan gje både opptak av karbon, større biologisk mangfald og betre tilpassing til klima i endring. For å utløyse potensial for slike positive effektar for både natur og klima må ein sjå klimagassutslepp, energiomstilling, varetaking av biologisk mangfald og klimatilpassing i samanheng. Ofte vert ikkje det gjort. Resultatet blir då gjerne at klimatiltak verkar negativt i høve til andre miljømål Slikt skjer i alt for stor grad, og statleg politikk legg ikkje opp til å stimulere til positivt samspel mellom innsatsområda. Det er blant hovudbodskapane i rapporten frå Vestlandsforsking.

Dette er elles den første kunnskapsrapporten som ser på synergiar og konfliktar mellom dei fire politikkområda klimagassutslepp, ivaretaking av biologisk mangfald, klimatilpassing og energiomstilling.

Kunnskap om samspeleffektar

Vestlandsforsking brukar i denne rapporten nemninga samspel for å omtale samanhengane mellom tiltak innafor dei fire politikkområda rapporten omhandlar. Ei intakt myr sikrar for eksempel positivt samspel mellom biologisk mangfald, lagring av karbon og robustheit mot flaum (klimatilpassing). Negativt samspel oppstår til dømes når skog vert planta for kommersiell skogsdrift på eit areal med naturleg skog eller ope mark. Det vil redusere det biologiske mangfaldet, gjere naturen meir sårbar for klimaendringane og vil frigjere karbon frå jordsmonnet.

Målet med utgreiinga er at den skal gi grunnlag for ein debatt og vidare arbeid i KS. Rapporten gir eksempel på viktige samspeleffektar, korleis dette arbeidet er i kommunane, i kva grad overordna styringsdokument tematiserer samspeleffektar, og til slutt korleis KS og kommunane kan arbeide vidare med desse spørsmåla.

Nokre sentrale funn i rapporten er

  • Det er i dag størst politisk fokus på klimagassutslepp og energiomstilling, medan naturmangfald og særleg klimatilpassing har langt mindre prioritet. Samtidig er det på områda ivaretaking av intakt natur, lagring av karbon og klimatilpassing det er mest positive samspelseffektar å finne.
  • Det viktige styringsdokumentet «Nasjonale forventingar til kommunal og regional planlegging» inneheld 57 forventningspunkt som planleggarane skal navigere etter, men ingen av desse punkta handlar om samspeleffektar
  • Det finst få eller ingen verkemiddel for å stimulere til samspel mellom fag- og politikkområda som rapporten tek opp. Til teknologiutvikling og energiomstilling forvalta av Enova, finst det tilskotsordningar for i alt 3468 mill. kr. Til bevaring av naturmangfald og trua natur finst det ordningar for 47 millionar kr. For klimatilpassing er det tilsvarande talet 6 millionar kroner.
  • Mangel på samordning i den nasjonale klima- og miljøpolitikken avgrensar handlingsrommet for samspel i kommunane. Staten kan, ved å samordne dei fire politikkområda bidra til å auka handlingsrommet til kommunane.
  • Kommuneplanen er eit eigna instrument i arbeidet med å styrke samanhengane på tvers av klima- og miljøpolitikken. Det krev arbeid på tvers av sektorane og samarbeid med næring og sivilsamfunn.

Oppfølging av KS langtidsstrategi

I KS sin langtidsstrategi er klima- og miljøvennleg utvikling eit av dei prioriterte politikkområda der det m.a. heiter at: «KS skal legge til rette for at kommunesektoren tar aktivt lederskap i overgangen til et klima- og miljøvennlig samfunn». Arbeida til FNs klimapanel (IPCC) og Det internasjonale naturpanelet (IPBES) viser at det er viktig å styrke samanhengane i arbeidet for å gjere natur og samfunn meir robuste mot klimaendringar, stanse klimagassutslepp og tap av biologisk mangfald. FN-rapportane viser tydeleg at desse felta må koplast saman i langt større grad for å unngå at arbeidet for å hindre klimaendringar skal føre til omfattande tap av natur.