Desse hefta inngår i KS Folkevalgtprogram, men er òg nyttig lesing for folkevalde og andre interesserte i arbeidde med eit godt lokaldemokrati.

Handbok for ordførarar
Handboka er revidert og oppdatert etter ny kommunelov, og rettar seg mot ordførarar, men også møteleiarar i andre folkevalde organ. Handboka har sjølvsagt ikkje plass til alt og det er derfor gjort eit lite utval av det aller viktigaste: dei ulike rollene ein ordførar har, både formelle og uformelle, men òg om ansvar og plikter som følgjer med vervet. I tillegg finn du eit kapittel om mediehandtering med nyttige tips og råd frå KS. I tillegg har KS skrive eit kapittel om rolla som ordførar i samfunnsutviklinga.

Møtet er sett!
Møtet er sett! er ei handbok i møteskikk, møteleiing og voteringsteknikk, og vil vera eit hjelpemiddel for alle folkevalde i kommunar og fylkeskommunar. Boka handlar om møte i folkevalde organ etter kommunelova, og tar for seg element som bidrar til eit godt møte. I tillegg er det tatt inn eit kapittel om møteleiing i fjernmøter i folkevalde organ. I handboka finn du òg ei hugseliste for møteleiing i folkevalde organ.

Rettar og pliktar dei folkevalde har
Kva for rettar og plikter har ein som folkevalt i ein kommune eller fylkeskommune? Ny kommunelov listar opp ei rekke rettar og plikter og dette heftet går igjennom desse. Her finn du oversyn over kven som blir rekna som folkevalde, kva som er eit folkevalt organ, reglement for godtgjeringar og andre økonomiske vilkår, om inhabilitet og fritak og til slutt om kva krav som gjeld ved utarbeiding av lokale forskrifter.

Arbeidsgjevaransvaret dei folkevalde har
Kommunar og fylkeskommunar sysselset 480 000 personar i Noreg og er den største offentlege arbeidsgjevaren. Folkevalde har overordna ansvar og myndigheit som arbeidsgjevar. For å lukkast med å halde ein berekraftig kommunesektor ved like, må kommunar og fylkeskommunar vere attraktive arbeidsgjevarar. Med dette heftet ønskjer KS å bidra til kunnskap om iverksetjing av den arbeidsgjevarrolla folkevalde har overfor kommunedirektøren. Inngåing av arbeidsavtale og gjennomføring av gode utviklingssamtalar er sentrale tema.

Tilrådingar om eigarskap, selskapsleiing og kontroll
KS har revidert heftet «Tilrådingar om eigarskap, selskapsleiing og kontroll» i samsvar med nytt lovverk. For at folkevalde skal kunna påverka og styra selskapa i tråd med dei formåla som kommunestyret eller fylkestinget har sett, så er det viktig å vera bevisst på dei moglegheitene som finst og at eigarskappolitikken blir gjenstand for ein brei og heilskapleg prosess. Med dette heftet ønsker KS å bidra til kunnskap om viktige omsyn og kva som bør på plass for å få til ei god eigarstyring av selskap og føretak, men også gi kunnskap til styremedlemmene i føretak og selskap om god selskapsleiing og praktisering av roller og oppfølging når styringsforma blir endra.


Her finn du hefta på bokmål