Kva er ein folkevald?

Folkevalde er representantar som er stemde fram av innbyggjarane ved val og dermed sette til å representere folket gjennom eit folkvalt organ. I denne læringsressursen snakkar vi først og fremst om lokale folkevalde. Det er dei som blir valde som representantar i lokalval og difor representerer innbyggjarane i kommunestyre og fylkesting. Lokale folkevalde inkluderer òg dei lovpålagde råda, mellom andre ungdomsrådet. Dei er valde av kommunestyret til å hjelpe politikarar med

Kvar går grensa mellom ytringsfridom og hat? I denne læringsressursen vil elevane få høve til å reflektere over og diskutere korleis hatefulle ytringar kan utgjere eit trugsmål mot lokaldemokratiet. Korleis har sosiale medium medverka til denne utviklinga og korleis er somme grupper meir utsette enn andre?


Læringsressursen er laga etter den nye læreplanen for 10. steg og Vg1. Vi føreset at læraren går gjennom lærarrettleiinga før bruk i undervisninga. 

Lenkeblokk Icon Lærarrettleiing

Ytringsfridom og demokrati

Eit demokrati er mellom anna kjenneteikna av at menneskerettane blir tekne omsyn til. Ytringsfridom er ein menneskerett og ein av berebjelkane i eit velfungerande demokrati. Utan ytringsfridom, ikkje noko demokrati. Kor langt strekkjer ytringsfridomen seg og korleis blir demokratiet påverka av at kommentarar som de såg i videoen, har blitt vanlegare?
 
Ytringsfridom inneber at du har rett til å seie det du meiner om det du vil seie noko om, men òg rett til å søkje og ta imot meiningar andre har (Grunnlova § 100). 

Ytringsfridom gjeld alle i demokratiet.

I denne samanhengen skal vi setje søkjelyset på relasjonen mellom innbyggjarane og dei folkevalde. Ytringsfridomen går to vegar:


Foto: Shutterstock

Innbyggjarar til folkevalde: Då demokrati tyder folkestyre eller styre av, ved og for folket, er det essensielt at dei som er sette til å styre for folket, veit kva innbyggjarane meiner. Utan ytringsfridom kan ikkje innbyggjarane kommunisere at dei er usamde med politikarane. Du har sikkert sett bilete frå land der menneske blir arresterte fordi dei er usamde med dei som styrer landet, eller menneske som må flykte fordi dei blir forfølgde på grunn av den politiske ståstaden sin. I ein slik situasjon er ikkje ytringsfridomen ivareteken og demokratiet under sterkt press.

Folkevalde til innbyggjarar: På den andre sida gjer ytringsfridom at dei som arbeider med politikk og andre samfunnsspørsmål, får høve til å ta del i den offentlege debatten og politiske diskusjonar. Ytringsfridom gir dei som deltek i den offentlege debatten, rett til å seie meininga si, vere usamd med fleirtalet og uttrykkje den politiske ståstaden sin. Dei er òg rollemodellar som må gå i front og setje tonen for samfunnsdebatten.

Refleksjonsspørsmål

Gå saman i grupper og snakk om ein gong de har nytta ytringsfridomen og sagt meininga dykkar. Kan hende har du posta meininga di på sosiale medium, delteke i ein demonstrasjon eller skrive eit lesarinnlegg? Eller kan hende er du politisk aktiv i eit parti eller sit i eit ungdomsråd?

Ytringsfridom eller hatefulle ytringar?

Det er essensielt for demokratiet at folk uttrykkjer meininga si og at vi har rett til å gjere det. Men nokre gonger uttrykkjer somme seg på ein måte som kan vere trugande, hånande, hatefull eller sjikanerande mot den eller dei som dei er usamde med. Dette blir kalla hatefulle ytringar og kan vere ulovleg jamfør § 185 i straffelova.
 
Ytringsfridom er dermed ikkje noko absolutt. Meiningane dine er ikkje verna av ytringsfridomen dersom dei fører til at andre får mindre fridom (Antirasistisk senter, 2021)
 
Hugs! Det er mange ytringar som kan oppfattast som krenkjande eller sårande, sjølv om dei ikkje er ulovlege.

Refleksjonsspørsmål

Tenk deg at du sit som folkevald i kommunen din for å fremje politikken du trur på. Kan hende ønskjer du ein ny fleirbrukshall eller ungdomsklubb i kommunen. Eller kan hende ønskjer du at helsestasjonen for ungdom skal vere open lenger. Som folkevald må ein ofte uttale seg i saker der ein kan oppleve at mange er usamde. Kan hende ein ny fleirbrukshall gjer at ein må nedprioritere ei anna sak som mange bryr seg om.

  • Korleis ville det då ha påverka deg å få kommentarar som i første video, og kva ville du ha gjort?
  • Korleis kan hatefulle ytringar vere ei utfordring for lokaldemokratiet?


Foto: Shutterstock

Korleis reagerer lokale folkevalde på hatefulle ytringar:

Desse konsekvensane kan hatefulle ytringar gi...

 

  • Fire av ti som har opplevd hatefulle ytringar, har endra det dei seier og kva saker dei uttalar seg om fordi dei er redde for hatefulle ytringar mot seg.
  • Mange unnlèt å engasjere seg (32 %) og nøler med å ta eit standpunkt (26 %).
  • 24 % reduserer sosial aktivitet og bruk av sosiale medium.
  • Halvparten av dei som har endra åtferd, har vurdert å slutte som politikar, medan 15 % har slutta.

(Tala er henta frå Ipsos 2019 og Telemarksforskning 2022)

 

Refleksjonsspørsmål

  • Kvifor kan det vere spesielt vanskeleg for lokale folkevalde å få hatefulle ytringar mot seg?
  • Kva kan dei langsiktige følgjene av hatefulle ytringar mot folkevalde vere? Hugs at folkevalde skal fungere som representantar for alle i kommunen og dermed bør spegle alder, kjønn, etnisitet osb. til dei som bur i kommunen.
  • Kvar går grensene mellom ytringsfridom og hatefulle ytringar?
    Definer hatefulle ytringar utan bruk av hjelpemiddel. Kva må til for at noko skal kategoriserast som ei hatefull ytring? Tenk innhald og kven ytringa er retta mot!

Visste du at? Det finst ingen universell godkjend definisjon av hatefulle ytringar.

Det finst likevel definisjonar som blir nytta ...

Hatytringar slik dei blir definerte i straffelova: «Med diskriminerende eller hatefull ytring menes det å true eller forhåne noen, eller fremme hat, forfølgelse eller ringeakt overfor noen på grunn av deres

a) hudfarge eller nasjonale eller etniske opprinnelse,
b) religion eller livssyn,
c) seksuelle orientering,
d) kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk, eller
e) nedsatte funksjonsevne.»

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet seier vidare: «Hatefulle ytringer skiller seg fra andre negative ytringer ved at de direkte eller indirekte formidler et budskap overfor en større gruppe.» Likestillings- og diskrimineringsombodet omtalar òg ytringar som er nedverdigande, trugande, trakasserande og stigmatiserande som hatefulle.

Refleksjonsspørsmål

Basert på definisjonane er det ikkje alltid lett å trekkje ei klar grense mellom retten til ytringsfridom og kva som er hatefulle ytringar. Det må nokre gonger avgjerast av Høgsterett, som avgjer korleis lova skal tolkast.

  • Kva tenkjer de om definisjonen? Var han annleis frå definisjonen de sjølve utarbeidde?
  • De skal no tolke nokre ytringar. Diskuter i grupper om utsegnene er verna av ytringsfridomen eller om det er hatefulle ytringar. Diskuter ut frå straffelova § 185.

Ytringar som er prøvd i rettsvesenet

Nedanfor ser vi døme som viser at ytringsfridommen strekkjer seg langt. Det skal mykje til før noko kan kategoriserast som ei hatefull ytring av retten. Dei fleste ytringane i sosiale medium eller i det offentlege rommet blir sjeldan vurderte i rettssystemet.


Foto: Shutterstock

  • «Fandens svarte avkom reis tilbake til Somalia og blir der din korrupte kakerlakk»
    Ytringa vart delt på Facebook. Mottakaren av ytringa var ein aktiv samfunnsdebattant, 20 år gammal og opphavleg frå Somalia.

  • «fordømrade svineri denne satans islam kulten»
    Ytringa vart delt på Facebook.

  • «Så vil vi gjerne oppfordre alle kristne – de som virkelig tror på Gud å bryte denne djevelske makten som homofilien representerer i dette land. Og vi vil også be om at alle som representerer denne åndsretning blir fjernet fra ledende stillinger i landet vårt ...»
    Sagt av pastor i ein kristen nærradio.

  • «... jødene er hovedfienden, de har drept vårt folk, de er ondskapsfulle mordere. De er ikke mennesker, de er parasitter som skal renskes ut ...»
    Sagt av grunnleggjaren av organisasjonen Vigrid i eit intervju med VG.

  • «kem som stoler på samerne? Spik... Nei ingen, ikke en ærlig same...» «Hallo dem hører heime på viddah... Ikke her med den latterlige klovne draktan dem fær å vasa i» og «...bi så fette provosert på disse same jævlan. Burde ha bedt dem reise til h...»
    Utdrag frå melding på Facebook

Kva meinte Høgsterett?

Desse er henta frå høvesvis Politiet i 2015 og Høgsterett i 2020.

 

  • Nr. 1: blei av Høgsterett kategorisert som ei hatefull ytring fordi ho rettar seg direkte mot ein person med referanse til hudfarge og etnisk opphav. Ytringa nedverdigar menneskeverdet til samfunnsdebattanten.

  • Nr. 2: blei kategorisert som straffbar av tingretten, men blei av lagmannsretten sett på som verna av ytringsfridomen, sjølv om ytringa var «smaklaus».

  • Nr. 3: Ytringa om at «homofile må fjernes fra ledende stillinger» blei kategorisert som hatefull av Høgsterett. Andre direkte sitat frå Bibelen fell ikkje innanfor straffelova.

  • Nr. 4: blei kategorisert som hatefull ytring av Høgsterett. Ytringa oppmoda til krenking av integritet og grov nedvurdering av menneskeverdet til gruppa.

  • Nr. 5: blei kategorisert som ei hatefull ytring av Salten tingrett, og Hålogaland lagmannsrett var samd.


Runar Myrnes Balto, medlem av Sametinget

Refleksjonsspørsmål

  • Korleis kan negative ytringar, sjølv om dei ikkje er ulovlege, påverke den offentlege debatten og dei som blir råka?
  • Trur du at den utbreidde bruken av sosiale medium har ført til fleire hatefulle ytringar mot folkevalde? Dersom ja, kvifor og korleis?
  • Diskuter kvifor somme grupper med folkevalde opplever meir hat og trugsmål enn andre.

Grupper som i størst grad opplever eller er utsette for hatefulle ytringar

Enkelte grupper opplever og er meir utsette for hatefulle ytringar...

 

  • Unge vaksne.
  • Ingen skilnader mellom kvinner og menn, men hatefulle ytringar mot kvinner får større konsekvensar.
  • Unge kvinner under 30 år og menn mellom 30 og 40 år er mest utsette for hatefulle ytringar.
  • Frp-politikarar opplever det meir enn politikarar frå andre parti.

(Henta frå Ipsos 2019 og Telemarksforskning 2022)

Refleksjonsspørsmål

  • Kvifor trur de at unge i større grad opplever hatefulle ytringar enn dei som er eldre?
  • Kvifor trur du at hatefulle ytringar retta mot kvinner får større konsekvensar?
  • Kvifor trur du at hatefulle retta mot kvinner er annleis enn ytringar retta mot menn? (Tenk på innhaldet i ytringane).

Ekstra tid?

  • Korleis kan du medverke til at folkevalde ikkje opplever hatefulle ytringar?
  • Korleis meiner du at usemje best kan kommuniserast?

Rollespel: Del opp gruppene i to lag, der den eine sida er for skuleuniform og den andre er mot skuleuniform. Lat som om dette er noko du brenn for og at du er sterkt usamd med det andre «laget». Argumenter for standpunktet ditt på ein sakleg måte.

 

Eventuelt: Les opp kommentarar som har blitt delte på sosiale medium, og vurder korleis det kunne ha blitt sagt på ein annan og saklegare måte.

 

  • Diskusjon i plenum: Korleis kommuniserte de at de var usamde på ein sakleg måte?