Det er ein stor del deltidstilsette i helse og omsorg i kommunane, over 70 prosent av dei tilsette i turnustenestene jobbar deltid. Landsstyret ser med bekymring på at det framleis, trass stor innsats over fleire år, er ein så stor del deltidstilsette i kommunale helse- og omsorgstenester.

Sektoren står overfor store utfordringar i åra framover, og måten sektoren er organisert på i dag er ikkje berekraftig i framtida. Ved å halda fram med å organisera tenestene med ein så stor del deltidstilsette, vil vi ikkje klara å dekkja behovet for kompetanse, kapasitet og kvalitet i tenestene.

Fleire som allereie er i sektoren må få høve til å utvikla kompetansen sin ved at det leggjast til rette for meir etter- og vidareutdanning, og at det er god læringskultur på arbeidsplassane. Når verksemdene er organisert med deltidsstillingar, påverkar dette også moglegheitene for kompetanseutvikling og læring på arbeidsplassen.

Det ligg eit stort kompetansepotensial i at fleire jobbar heiltid. Dette vil bidra til å sikra ei berekraftig teneste. Dersom alle deltidstilsette i sektoren hadde jobba heiltid, ville dette utgjort om lag 32.700 ekstra årsverk.

Vi må derfor styrkja innsatsen for å få nok kompetanse, kontinuitet og kvalitet i tenestene, gjennom å utvikla heiltidskultur. Ein heiltidskultur er ein føresetnad for samanheng og heilskap i tenestene. Dette sikrar færrast mogleg tilsette rundt brukarane, og gode team med rett kompetanse som kjenner brukarane sine behov.

Veldig mange kommunar har som mål å auka bruken av heiltid, og dei aller fleste har gjort politiske vedtak om å setja i gang tiltak for å redusera deltidsarbeid. Enkelte har lukkast i å sjå ein auke, men Landsstyret ser med bekymring på at utviklinga går svært sakte. I 2019 vart i underkant av 12 prosent av dei nytilsette i helse- og omsorgssektoren tilsett i heil stilling.

  • Landsstyret vil understreka at ein heiltidskultur handlar om at heiltid er hovudregelen og den normale tilsetjingsforma, også i kommunale helse- og omsorgstenester. I verksemder der heiltid er norma, er det også plass til tilsette som av ulike årsaker eller i kortare periodar har behov for redusert arbeidstid.

  • Landsstyret vil oppfordra kommunane til ein forsterka innsats gjennom godt samarbeid med tillitsvalde lokalt for å finna løysingar, slik regel og avtaleverket legg til grunn. Det kan blant anna handla om korleis stillingar lysast ut og korleis arbeidsplassane organiserer tenestene sine – både på vekedagar og i helg, heile året.

  • Landsstyret vil påpeika behovet for gode rammevilkår for kommunane til å sikra organisering med utgangspunkt i brukarane sitt behov. Det betyr at ein må unngå nye og utvida bindande bemanningsnormer i kommunesektoren.

  • Landsstyret vil påpeika behovet for handlingsrom i arbeidstidsbestemmingane som fremjar heiltid.

  • Landsstyret vil understreka behovet for at det vert utvikla arbeidstidsordningar som kan redusera deltidsbruken.

  • Landsstyret understrekar at det trengst eit krafttak for å få utdanna den fagkompetansen kommunesektoren treng, spesielt fagutdanna helsepersonell. Landsstyret forventar at staten bidrar meir til tilgang på tilstrekkeleg kompetanse i heile landet, og legg til rette for desentraliserte utdanningstilbod.