Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese. Foto: KS

Det var då dei skulle innføre bompengar i fleire kommunar i Rogaland i fjor at noko vakna. Eit opprør. Nokre protesterte med saklege argument i tråd med ein sunn offentleg debatt. Nokre tok det så mykje lenger. Øydelagde bomstasjonar. Politivakter utanfor kommunestyremøte. Ordføraren opplevde både hets og truslar.

Ei ny undersøking Ipsos har gjort for KS viser at ho ikkje er aleine:

  • 39 prosent av dei folkevalde har opplevd hatefulle ytringar, og 13 prosent har opplevd konkrete truslar.
  • Ein del av desse har vurdert å slutte med politikk, eller slutta.
  • For nokre fører hatefulle ytringar og truslar mellom anna til at dei let vere å engasjere seg i nokre saker eller saksfelt.
  • 1700 folkevalde har delteke i undersøkinga
Lenkeblokk Icon Les heile undersøkinga her

Truslar

Då Braut Nese høyrde at andre hadde fått truslar i samband med bompengedebatten, tok ho det opp med sønene. Kanskje kunne ho få det også. Kanskje såg dei det i sosiale medium før henne. Ho beroliga dei med at dersom det kom var det truleg ikkje alvor i det. Berre to dagar etter ringde politiet.

- Då gjekk det fleire dagar før eg klarte å fortelje dei at det faktisk skjedde, seier Braut Nese.

Så kom ein trussel til. Ein beskjed om at ho burde sjå seg over skuldra neste sommar.

Det blir så massivt

I sosiale medium vart ho stadig lagt til i ei Facebook-gruppe. Slik vart ho ufrivillig tilskodar til hetsen mot seg sjølv. Ho blar på telefonen og les opp nokre av kommentarane.

- Gale kvinnemenneske.
- Heile dama er ein tragedie.
- Ho kan ikkje vere god i hovudet.
- Gå til helvete.
- Naut.
- Lite klok kvinne.
- Godt ho er fin å sjå på, har ikkje mykje anna gåande for seg.
- Det er ikkje alle som har ein rik sugardaddy.
- De tek livet av oss.
- Bomvaldtekt.
- Politisk terror.
- Ran av uskuldige menneske.
- Korrupt.
- Tenkjer berre på sitt eige beste.

I starten kunne ho le av nokre av kommentarane. Men så vart det så massivt. Ubehageleg.

- Her er ein som skriv: «Håper ikkje bompengepolitikarane får gå i fred ved nokon anledning.» Ein annan skriv: «Håpar nokon tek dritten skikkeleg. Er ikkje snakk om at dei fortener anna, jævla pakk.» Ein annan seier: «Ein dag vil det tippe over for nokon. Eg tenner ikkje lys eller går i rosetog den dagen.» Ein annan svarer: «Ser for meg mange morosame volds- og drapssaker framover», les Braut Nese.

Ho fortel at ein oppmoda andre til å gå med ein 2-300 gram tung stein i lomma, sidan det var ulovleg å gå med kniv. Personen hadde sagt at ein lykkestein kunne jo ikkje vere ulovleg å bære rundt på.

Fleire fortalde henne at dei ikkje torde å støtte henne i sosiale medium.

Dei veit kvar eg bur

På garasjen og postkassa, berre meter frå huset, hadde det vore nokon og klistra merke. Nok er nok, stod det.

- Dei legg jo ut eit visittkort om at dei veit kvar du bur, seier Braut Nese.

Ho var ikkje lenger komfortabel med at sønene skulle vere heime aleine, og var redd for at dei skulle møte nokon luskande rundt huset. Det enda med at familien la om rutinane sine.


Postkassa vart merka. Foto: Privat

Motivert for vegen vidare

Braut Nese er glad ho ikkje bestemte seg i perioden hetsen var som verst. Ho hadde allereie takka ja til nominasjon for fire nye år.

- No er eg meir motivert enn nokon gong til å gå  inn i ein ny periode og arbeide med både lokaldemokrati, innbyggarinvolvering, vegbygging og alt mogleg anna vi held på med. Og eg er motivert til å ta tak i dei utfordringane som gjer at folk kjenner behov for å hetse andre slik, seier ho.

Ho meiner det mellom anna trengs digitale nabokjerringar, som kan slå ned på det som ikkje er greitt.

- Vi må alle seie ifrå, gjere noko med det, seier Braut Nese.

Konferanse: «Når hets blir ein del av jobben»

6. juni arrangerer KS Sogn og Fjordane konferanse om hets og truslar mot politikarar og administrative leiarar. Ane Mari Braut Nese skal fortelje om det ho opplevde. Fagsjef i KS, Dag- Henrik Sandbakken, skal gå gjennom undersøkinga «Hat og trusler mot folkevalgte». Postdoktor ved Universitetet i Oslo, Karoline Andrea Ihlebæk, skal halde foredrag om kven som hetsar og kvifor, og kven som kan ta ansvar.

- Hatefulle ytringar og truslar mot folkevalde og administrative leiarar er noko vi må snakke om, på tvers av kommunegrenser og politiske parti. Eitt av måla med konferansen er å diskutere kva ein kan gjere for å førebygge og handtere hatefulle ytringar og truslar. Det kan ikkje bli slik at berre nokre orkar, seier Eirin Aardal, rådgjevar i KS.

Til konferansen kjem også representantar frå Vest politidistrikt for å snakke om politiet si rolle. Distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer, skal halde foredrag om kommentarfelt, vinklingar og saker i eit nytt medielandskap.