Vi feirar den internasjonale klarspråksdagen med å dele ut klarspråksprisane! Høyr korleis vinnarkommunen og -statsorganet arbeider med klarspråk i ei tid med knappe budsjett, utvikling av kunstig intelligens og urolege forhold i verda.
Ro! I år har Slottsplassen vore ein scene for jubel og glede under Fotball-VM, og for sorg og medkjensle i samband Kong Haralds bortgang. Rundt om i verda er det auka polarisering, framandgjering og eit gap mellom menneske og system. Kva slags retoriske grep samlar folket, spør retorikar Kjell Terje Ringdal.
Klarspråk er peikt ut som eit viktig verktøy for innbyggjaranes tillit til styresmaktene. Benedikte Bakkeby Øverland frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring vil fortelja meir om kva som skal til for at innbyggjarane har tillit til det offentlege, og om korleis ein arbeider med dette i Europa og OECD.
Det er enkel servering, kaffi og te frå 08.30. Programmet og sendinga startar klokka 09.00 og sluttar klokka 11.00. For dei som deltek fysisk, blir det servert ein lett lunsj.
Program
- Velkomen ved Kim Gulbrandsen, kommunikasjonsdirektør i Digdir
- Fellesskapets retorikk, opningsinnlegg ved Kjell Terje Ringdal, retorikar ved Høyskolen Kristiania og foredragshaldar
- Prisutdeling ved statssekretær Marianne Wilhelmsen, Digitalsierings- og forvaltningsdepartementet
- Faglege innlegg: Lær av vinnarane
- Klarspråk er meir enn å skrive forståeleg – det skaper tillit ved Benedikte Bakkeby Øverli, seniorrådgivar i DFØ