Dette var ein hovudbodskap frå KS i møtet med Landbruks- og matdepartementet (LMD) denne veka. Møtet var del av konsultasjonsordninga KS har med regjeringa kvart år. Styreleiar Gunn Marit Helgesen hadde denne gongen følgje av fylkesordførar i nye Vestland, Jon Askeland.

I førehand hadde Askeland sendt møtedeltakarane ein presentasjon av Vestland fylkeskommune sine oppgåver og planar på landbruksområdet framover, eit døme på korleis alt heng saman med alt på dette feltet.

- Det var eit godt og konstruktivt møte. Mange av dei problemstillingane som høyrer inn under Landbruks- og matdepartementet krev samhandling, samordning og heilskapleg tilnærming. Eg oppfatta at statsråden var svært engasjert og lyttande til det vi la fram, seier Helgesen.

KS framheva at ut frå intensjonane i regionreforma meiner KS at det ligg til rette for overføring av langt fleire oppgåver knytt til landbruk enn kva som har vore tilfelle til no. Samtidig er det potensial i dei oppgåvene som har kome også, store utfordringar som gjeld å utvikle landbruksnæring og tilgrensande næringar. Utfordringar og potensial knytt til for eksempel klima, naturmangfald og kulturlandskap krev brei mobilisering som er mykje av intensjonen bak regionreforma.

KS gav melding om at det er avgjerande for å lukkast med reforma at fylkeskommunane får tilført dei ressursane som trengst for å utløyse potensiala som ligg til grunn for at Stortinget vedtok å gjennomføre ei regionreform. Fylkeskommunane ønskjer å ta ei aktiv og koordinerande rolle som næringsutviklar innan jordbruk og skogbruk. Dette inneber arbeid som er retta mot andre aktørar enn fylkeskommunen sjølv. Målet er at fylkeskommunen og samarbeidspartnarane sine ulike virkemiddel og arbeidsinnsats skal verke saman. 

Kommunane si rolle med ny fjellov

KS tok også opp arbeidet med ei ny fjellov. Bodskapen var at departementet bør gjere den jobben som statsallmenningsutvalet ikkje klarte å gjere skikkeleg sjølv om mandatet la opp til det: Kommunane si rolle i statsallmenningane må greiast skikkeleg ut om.