Eit velfungerande lokaldemokrati er heilt avgjerande for ein velfungerande kommune. Arbeidsvilkåra til dei folkevalde er av stor betydning for korleis lokaldemokratiet fungerer. Det tek tid å lære seg det gode politiske handverket, og skal ein utøve reell påverknad må ein forstå kva arenaer, prosessar og saker det er viktig å følgje med på. Å kunne påverke utviklinga av lokalmiljøet er for dei fleste  hovudmotivasjonen for å vere med i politikken. Korleis lokalpolitikarane på best mogleg måte kan påverke utviklinga i kommunen, er sjølve startpunktet i programmet for folkevalde. Dette er spesielt viktig når ein tek opp tema som til dømes rolleforståing, samspel med administrasjonen og innbyggjarmedverknad.

KS’ program for folkevalde, 2023-2027

Alle kommunar og fylkeskommunar får tilbod om KS’ program for folkevalde. Dette blir dekka over medlemskontingenten. Målgruppa er dei direkte valde til kommunestyra og til fylkestinga. Vidare skal også kommunedirektøren og leiargruppa delta i programmet. KS tilrår at ein i tillegg inviterer med kontrollutvalet, tillitsvalde og leiarane av dei lovpålagde råda, om mogeleg.

KS’ program for folkevalde består av to deler

Basisdagane: Dei to første dagane i programmet legg vekt på roller og rolleforståing, samspel mellom dei folkevalde, med administrasjon og lokalsamfunn. Å bidra til eit godt debattklima og eit kollegialt samarbeid står sentralt.

Temadagane: Alle kommunestyre og fylkesting kan også bestille to skreddarsydde temadagar i perioden. Her kan ein fordjupe seg i ulike tema ut frå behov. Det kan vere fagleg påfyll om til dømes kommuneøkonomi, etikk og habilitet, samfunnsplanlegging eller arbeidsgjevarpolitikk.

Eit sterkt lag i Rogaland og Vestland

KS Region Vest består av alle kommunar og fylkeskommunane i Rogaland og Vestland. Dette utgjer til saman 66 kommunar og 2 fylkeskommunar.

- Vi står klare med eit sterkt lag, og ambisjonen er å besøke alle medlemmane i regionen med programmet for folkevalde, seier Elin Wetås De Jara i KS.

Gruppa av prosessrettleiarar er samansett av ein god miks av folk med lang politisk og administrativ erfaring frå kommunalt og fylkeskommunalt nivå. Nokre er nye som prosessrettleiarar i KS, medan andre har vore med i både ein og to periodar. Sjå desse sidene for ein nærare presentasjon av prosessrettleiarane. Felles for dei alle er eit brennande ønske om å gje dei folkevalde i kommunane ein best mogeleg start på valperioden.

Auka ressursar i neste periode

Inn i den komande perioden er programmet for folkevalde vesentleg styrka. Fagtema og anna innhald er revidert og digitale ressursar er utvikla. I tillegg brukar KS meir ressursar en nokon gong på å bygge prosesskompetanse blant rettleiarane.

Så langt det let seg gjere vil vi reise ut til kommunane med to rettleiarar. Erfaringa er at to prosessrettleiarar som kan samarbeide gir eit betre utbyte for deltakarane, seier Tom Gundersen i KS.

Korleis bestille KS program for folkevalde?

Basisdagane kan bestillast allereie no. Ta kontakt med koordinator for programmet i din region for avtale, og for å finne ut kva prosessrettleiarar som passar i din kommune.

Kontaktinformasjon til koordinatorane i din region - sjå kontaktinformasjon under artikkelen
Rogaland: Elin Wetås de Jara
Vestland: Tom Gundersen