Sogndal har over tid innarbeidd ei haldning om at lærlingar er ei viktig verdiskaping for kommunen. Dei ser også at lærlingar er med å hjelpe kommunen til å vere og bli endå betre på å vere ein attraktiv arbeidsgjevar.

Ved å vere ei god og inkluderande lærebedrift kan kommunen også sjå til at ungdommane kjem godt i gang med sitt arbeidsliv.

Sogndal kommune ser lærlingar som ein stor ressurs som dekker eit behov i kommunen. Ein har fått politisk vedtak på at ein skal ha 2,5 lærlingar per 1000 innbyggjar.

Koronapermitterte lærlingar

Koronapandeminen har ført til permitteringar av lærlingar.

Sogndal kommune såg tidleg at sidan dei allereie har ei systematisk satsing på lærlingar, ville dei no kunne yte noko ekstra for desse lærlingane.

Dei ynskjer å ta eit nasjonalt initiativ for permitterte lærlingar. Kommunen er klare til å ta imot permitterte lærlingar og vil legge til rette for at desse lærlingane kjem i aktivitet. Tilbodet har vorte kjentgjort mellom anna gjennom møter med andre kommunar og informasjon er sendt til alle opplæringskontor rundt i landet.

«Sogndalsmodellen»

Med si sterke stemme om satsingar på lærlingar, har Sogndal kommune fått stor tilslutning i heile Sogn region om emnet.

Gjennom Sogn regionråd er det no inngått partnarskapsavtale med NHO, LO og fylkeskommunen for fleire læreplassar i Sogn.

Gjennom avtalen er det sett mål om 2,5 lærling per tusen innbyggjar for alle kommunane i regionen.

Denne «Sogndalsmodellen» er godt over KS si forventning på 2 per 1000 innbyggjarar, som vart vedteke på Landstinget i 2016.

Status lærlingar i Sogndal

Sogndal kommune har i dag 27 lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget og helsearbeidarfaget. Det er eit potensiale for å auke talet lærlingar ytterlegare og det er mogleg å ha læreplassar i fag som:

  • Anleggsmaskinførarfaget
  • Byggdriftarfaget
  • Dataelektronikar
  • Institusjonskokk
  • Kjemiprosess (drikkevatn)
  • Kontor- og administrasjonsfaget

Gjennom rådmannen sitt oppdragsbrev er det også eit leiaransvar å ha ei aktiv rolle og gje tilbod om lærlingplass der ein kan. Sogndal kommune har gjennom økonomiplan plikta seg til å utarbeide ein strategi for bruk av lærlingar i eigen organisasjon i 2021.

Ta kontakt

Sogndal kommune høyrer svært gjerne frå dykk om de har spørsmål eller kanskje lærlingar som treng læreplass.

Kontaktperson: Helle Selseng, Leiar personal og organisasjonsutvikling,

Epost: Helle.Selseng@sogndal.kommune.no

Telefon: 48 10 04 71  /// 57 65 25 63