Frode har vore tilsett i KS Vest sidan 2017, og har vore dagleg leiar ved kontoret i Førde. Frå 1. februar vart han leiar for begge kontora i KS Vestland; i Bergen og Førde.

Av utdanning har Frode blant anna master i informatikk frå NTNU. Som rådgjevar og prosjektleiar både i Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag fylkeskommunar, er han godt kjend med det fylkeskommunale virket. Før Frode sa ja til å begynne i KS, kom han frå jobben med digital utvikling, strategi og samhandling i Sunnfjord Energi.

I dag bur Frode i Førde i Sunnfjord kommune med sin familie.

Tett på samfunnsutviklinga

Frode Kyrkjebø valde å søkje jobb i KS fordi han meiner det er ein spennande jobb der ein får vere tett på utviklinga rundt oss.

- Som tilsett i KS, og særleg i KS sitt regionapparat, er vi generalistar. Det vil seie at vi jobbar med alle saker som opptek kommunane og fylkeskommunen. Det gir ei enorm breidde i oppgåver. Dette er til tider utfordrande, men samtidig veldig spennande, seier Frode.

Han er oppteken av at KS skal gjere ein god jobb for medlemmene, noko som er motiverande i det daglege virket.    

– I denne jobben får vi vere tett på samfunnsutviklinga i regionen vår. Gjer vi ein god jobb, er vi med på å legge til rette for at Vestland skal vere ein god stad å bu og drive næring i. Det er klart det motiverer!

Må kjenne medlemmane

KS ønskjer å vere ein relevant, truverdig, engasjerande og samlande organisasjon for medlemmane sine; kommunane og fylkeskommunane i Norge. Skal vi greie dette, må vi ha god kjennskap til det medlemmane er opptekne av, meiner Frode.

- Det viktigaste i min jobb er å ha god dialog med medlemmane i Vestland. Samtidig er vi også avhengige av eit godt samarbeid med andre samfunnsaktørar i regionen vår.

Frode i møte med ein av samarbeidspartane, NAV Hjelpemiddelsentral. Foto: Frode Hovland

På spørsmål om det er spesielle styrker KS i Vestland kan ha, påpeikar Frode at representasjon frå alle typar kommunar i våre organ både er ein fordel og ein styrke.

- Kommunedirektørutvalet og fylkesstyret er breitt samansette utval med representantar frå store, små, sentrale og mindre sentrale kommunar. Dei samlar og representerer kommunane og fylkeskommunen på ein god måte. Dette sikrar legitimitet og forankring i sakene våre, noko som eg tenkjer er ein styrke vi skal framheve, understrekar han.

Må vere «framme i skoa»

For at KS Vestland skal lukkast i si rolle, meiner Frode det er avgjerande at vi held på den gode kontakten med kommune og fylkeskommune. Som dagleg leiar ønskjer han å vere eit tydeleg kontaktpunkt for samarbeidspartane, og vil gjere sitt beste for å legge til rette for godt samarbeid.

– Vi må også tørre å vere «framme i skoa» og utfordre der vi ser det trengst. Vi må svare på deira behov. Ein måte å gjere dette på er til dømes å tilby læringsnettverk på område der vi ser behov og potensial for utvikling, legg han til.

Kompetanse for medlemmane

I arbeidet for medlemmane sitt beste, ønskjer Frode Kyrkjebø også å løfte fram og gjere tilgjengeleg den kompetansen som kollegaene hans har.

- I KS har vi fantastisk mange dyktige medarbeidarar som kan bidra med mykje kompetanse for medlemmane våre. Vi deltek i alle prosessar som angår kommunal sektor. Dette er viktig å få fram, understrekar han.

- Det er viktig at kommunane og fylkeskommunane er kjent med korleis dei kan bruke oss i utviklingsarbeid og til å påverke rammevilkår for kommunal sektor.

Kan bli betre

Likevel meiner Frode at KS alltid kan bli betre.  

- Vi kan bli endå betre på å vise fram verkemiddelapparatet og kompetansen KS har, og gjere dette meir tilgjengeleg for medlemmane våre. Eksempel på område vi kan gjere meir synleg er konsultasjonsordninga vi har med regjeringa, FoU-arbeidet vårt, lovmedverknad, utviklingsarbeid, ulike nettverk, møte med stortingsbenkane og andre samfunnsaktørar, og mykje meir.

- Som tidlegare prosjektleiar innafor effektivisering, digitalisering og gevinstrealisering, meiner eg det alltid er rom for å bli betre. Når det er sagt, så trur eg vi gjer ein god jobb.