Over 340 deltakarar frå oppvekstsektoren er påmelde til leiarkonferansen som har lange røter i Sogn og Fjordane. I år er fyrste gongen leiarane frå alle kommunane i nye Vestland fylke møtest. Arrangørane gler seg stort til å ta i mot rektorar, styrarar, kommunalsjefar, avdelings- og tenesteleiarar til fagleg oppdatering og nettverksbygging.

Eirik Irgens om tillit og tillitsreform
Professor Eirik Irgens vil ta opp det dagsaktuelle temaet «Tillit og tillitsreform i oppvekstsektoren: Inn i ei ny tid?», der han inviterer til dialog og refleksjon rundt tillitsreforma. Temaet vil bli drøfta vidare av Christian Lo frå Nordlandsforsking, som vil sette søkelyset på kva erfaringar andre har gjort seg ved innføring av ei slik reform.


Eirik Irgens, Foto: Privat

Kva gjer alt dette med samfunnet vårt?
Filosofen Einar Øverenget kjenner mange frå blant anna NRK. Hos oss vil han dele tankar rundt kva pandemi og flyktningstraum har gjort og gjer med samfunnet vårt. Dette dagsaktuelle temaet vil Kristin Holm Jenssen frå KS ta vidare i oppvekstsektoren – kva har dette hatt å seie for leiarar og eigarar i vår sektor?


Fra venstre - Einar Øverenget, foto: Athenas og Kristin Holm Jensen, foto: KS.

Kva er viktig for ungdommen?
Vi får også høyre elevstemma under konferansen. Madelen Kloster er leiar for Elevorganisasjonen i Vestland. Det blir spennande å høyre korleis elevane opplever desse store og aktuelle temaene: tillit, pandemi, flyktningesituasjonen og endå litt til.


Madelen Kloster, foto: Privat

Tillit og endring til barnets beste?
Leiarar og lærarar i barnehagar og skular er gitt mandat til å arbeide til barnets beste. Her er ei forventning og eit potensial til å få på plass felles forståing, motivasjon og framtidstru på retning, innhald og framdrift i utviklingsarbeid. Det seier Arve Fiskerstrand, som er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. Arve vil ta opp korleis tillit og endring i praksis blir omdanna for å skape djupne, breidde og lengde i læring og inkludering. 

Konferansen er eit samarbeid mellom KS, Vestland fylkeskommune, Utdanningsforbundet og Skolelederforbundet i Vestland.

Her finn du programmet