Statsforvaltaren og det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland inviterer til konferanse om Leve heile livet, Bu trygt heime og Demensplan 2025, på Sandsli i Bergen. 

Vi arrangerer denne hausten ein felles konferanse for heile Vestland.

Dei to dagane byr på variert program rundt innsatsområda i den nye stortingsmeldinga Fellesskap og meistring - Bu trygt heime. Vi vil presentere stortingsmeldinga, sett i samanheng med Leve heile livet og den nye folkehelsemeldinga. Du får også ny kunnskap om demens og folkehelsa i Vestland, og gode døme og erfaringar frå det gode arbeidet som er gjort ute i kommunane.   

Trond-Viggo Torgersen og Kristopher Schau rundar av konferansen med temaet «kunsten å bli eldre».

Konferansen kan inspirere tilsette og leiarar i kommunar og fylkeskommunen, politikarar, eldreråd, frivillige organisasjonar, utdanningsinstitusjonar, helseføretak og næringslivet.  

Målgruppe: tilsette og leiarar, politikarar og eldreråd i kommunane, fylkeskommunen, frivillige organisasjonar, utdanningsinstitusjonar, helseføretak, næringslivet og andre interesserte.

Program for konferansen og påmeldingsside

Artikkelen er skrive av Janne Weltzien Listhaug hos samarbeidspart Statsforvaltaren.