Kva gjorde at du valde å søkje jobb i KS?

- Utlysingsteksten hadde som overskrift: «Vil du bidra i utviklinga av framtidas kommunar?». Dette fenga meg - og eg tenkte: «Ja, det vil eg!».

Sjølv med ein spanande jobb i Kvam herad, tenkte eg at eg ikkje kunne la vera å søkje på stillinga. Då eg fekk tilbod om jobben, var eg ikkje i tvil. Eg ser fram til å verta kjend med kommunane, organisasjonen og samarbeidspartnarar, seier Hilde.

Ho er 46 år og kjem frå Norheimsund i Hardanger. Ho er gift og har ein son på 18 år.

Kva kjennskap har du til KS?

- Eg opplever at KS er trygg og synleg som organisasjon i kommunen. Eg har erfaring med å få støtte i arbeidsgjevarspørsmål, delta i læringsnettverk og på kurs. Eg har og hatt nytte av å bruke "Vegkart for tenesteinnovasjon" i utviklingsprosjekt, seier Hilde.  

- Eg har også brukt nettsidene som er oversiktlege og inneheld mykje god og relevant informasjon. Eg kjenner også til 10-faktor, og KS Konsulent har hatt leiarsamlingar i kommunen der eg var tilsett tidlegare.

Kva har du gjort før i yrkeslivet?

- Eg vart ferdig utdanna sjukepleiar i 2002, og jobba på medisinsk avdeling på Haukeland universitetssjukehus fram til eg tok vidareutdanning i intensivsjukepleie. Deretter jobba eg på medisinsk intensiv og overvaking frå 2008 til 2017. Seinare har eg vore avdelingsleiar og tenesteleiar i pleie og omsorg i Kvam herad.

Hilde har fullført mastergrad i organisasjon og leiing ved Høgskulen på Vestlandet i 2021.

I region Vest ser vi fram til å bli betre kjende med Hilde, og vi gler oss til eit spennande og utviklande samarbeid framover.