Den 19. november 2019 kom Menneskerettsdomstolen med dom i ei sak som har tittelen «CASE OF K.O. AND V.M. v. NORWAY», saksnummer 64808/16.

Saka gjeld eit barn fødd i 2015 der fylkesnemnda hadde vedteke omsorgsovertaking med sterkt avgrensa samvere. Det var spørsmålet om samvere som fekk størst merksemd då EMD handsama saka. EMD kom til at retten til familieliv var krenka. Staten vart difor felt på dette punktet.

Advokat (H) Frode Lauareid i KS Advokatene har skreve ei utgreiing om dommen og kommentert resultatet. Han drøftar korleis kommunane og barnevernet kan møta føringene frå EMD knytt til utmåling av samvere.

Lenkeblokk Icon Her finn du heile utgreiinga frå Frode Lauareid.