Spørsmålet om kor vidt folkeregistrert adresse utelukkande bør vere avgjerande for kommunane sin kontroll, legg dermed opp til både juridiske og politiske spørsmål.

Folkeregisteret er eit grunnleggande verktøy for offentleg forvaltning og eit samfunnsnyttig basisregister i det norske samfunnet. Bustadinformasjonen har avgjerande tyding for kommunane sin kontroll med buplikt på eigedom.

Folkeregisteropplysningane – i det store biletet

Bustadopplysningane i Folkeregisteret har ei rettsleg tyding for utføringa og oppfyllinga av mange rettar og plikter i samfunnet. Informasjonen i registeret har også̊ stor påverknad på den økonomiske ansvarsfordelinga ved tildeling av offentlege tenestar. Dette gjeld direkte fastsetjing av ein person sin skattemessige bustad i tråd med skattelova og handheving av buplikt på eigedomar etter konsesjonslova. Meir indirekte kan opplysningane påverke fastsetjing av stemme- og valkrets i samsvar med vallova, fastsetjing av born sin skuleplassering i tråd med opplæringslova og kvar ein skal deltaka i fastlegeordning i tråd med lov om helsetenesta i kommunane.

Kvar og korleis vi bur blir sentralt for både samfunnsutvikling, offentlege inntekter og tenesteproduksjon. At norske borgarar vert stadig meir mobile og uavhengige av folkeregistrert adresse, fører til eit komplekst arbeid i forvaltninga og utfordrar den kontrollfunksjonen som er delegert til stat og kommunar.

Kontroll med buplikt

For å oppfylle buplikt er det eit vilkår at eigaren skal ta eigedomen som sin reelle bustad. Dette vilkåret er oppfylt når eigaren er folkeregistrert på eigedomen. Dette vilkåret kan ein oppfylle enkelt ved å endre folkeregisteradresse på Skatteetaten sine nettsider.

Skatteetaten er ansvarleg for Folkeregisteret og for å kontrollere at opplysningane som vert registrert der er korrekte. Det grunnleggande problemet ved utforminga av regelverket, er at Skatteetaten ikkje har nærleik til informasjonen. Det er utfordrande å føre kontroll med eit register som baserar seg på informasjon som Skatteetaten ikkje kan følgje opp tilstrekkeleg.  

Kommunane har på si side fleire insentiv til å bidra til at korrekte folkeregisteropplysningar vert registrert. Det har blitt synleg for kommunane at mange eigarar av særleg landbrukseigedom bur på heilt andre stader enn den eigedomen dei har oppført som sin reelle bustad i Folkeregisteret. Motiva for dette kan vere så mangt, men praksisen bidreg likevel til å undergrave konsesjonslovgjevnaden og landbrukspolitikken. Kommunane arbeider for å styrke busetnaden i distrikta og for å sikre at det bur folk på eigedomane rundt om i Noreg. Her er buplikt eitt av fleire viktige verktøy.

Det vert problematisk at kommunane sin kontroll med buplikta skal basere seg på kvar eigaren av den aktuelle eigedomen er registrert som busett i Folkeregisteret. Konsesjonslova legg opp til at kommunane kun skal ha rettsleg kompetanse til å melde i frå til Skatteetaten om at det føreligg mistanke om at ei bustadadresse er enten feil eller fiktiv. Det er uttrykkeleg uttalt i rundskrivet frå Landbruks- og matdepartementet til konsesjonslova at kommunane skal undersøke om eigaren er registrert som busett på eigedomen, ikkje om vilkåra for folkeregistrering er oppfylt. Kommunane har dermed ikkje mynde til å gjere ytterlegare tiltak enn dette.

Ettersom meldingane om feilregistrering frå både kommunane og andre ikkje vert tilstrekkeleg følgt opp hjå Skatteetaten, kan kontroll med buplikt utvikle seg til å bli ei kunstig forvaltningsoppgåve for kommunane. 

Samanlikning med andre primærnæringar 

Sivilombodet har uttala seg i to saker som er relevante for spørsmålet om myndigheitane sin kontroll med kvar folk har sin reelle bustad.[1] Desse sakene omhandla fastsetjing av bustad i fiskerimanntalet i forbindelse med tildeling av fiskekvotar for kongekrabbe i Finnmark. Her uttala Sivilombodet seg om framgangsmåten for fastsetjing av vilkåret om reell bustad, og tilknyting til Folkeregisteret gjennom hovudregelen om bustad i folkeregisterlova § 5-1. Regelen seier at du skal vere folkeregistrert der du tek din «overveiende døgnhvile».

Desse to sakane viser at Fiskeridirektoratet ikkje er bunden til dei faktiske bustadregistreringane som vert gjort i Folkeregisteret. Dette er fordi Næring- og Fiskeridepartementet har gjeve direktoratet i instruks ei utvida mynde til å utføre ei heilskapleg vurdering av andre omstende i saka. Dei kan dermed leggje til grunn ein annan bustad enn det som er lagt til grunn i Folkeregisteret dersom omstenda i saka tilseier det.

Det er sentralt å sjå fiskerimyndigheitane sin rettslege kompetanse ved fastsetjing av fiskarar sin reelle bustad opp mot landbruksmyndigheitane sin fastsetjing av fast bustad etter konsesjonslova. Her ser ein at det er skilnad på kor stor rekkevidde myndigheitane har for å gjennomføre kontroll og kva for verktøy som kan nyttast.  

Utviklinga framover

Til tross for at det føreligg klare retningslinjer for korleis kontroll med buplikt på eigedom etter konsesjonslova skal gjennomførast, kan det stillast spørsmål ved om dagens system fungerar etter si hensikt.

Ein årsak til at reglane om kontroll med buplikt ikkje er funksjonelle nok, kan vere sjølve handhevinga av folkeregisteret. Systemet i regelverket er avhengig av at folkeregisteret fungerar tilstrekkeleg for å kunne gjennomføre kontrollen med buplikt på eit forsvarleg nivå. Lovgjevar har gjeve Skatteetaten dei rettslege verktøya, men dersom etaten ikkje prioriterar ressursane sine på å handheve folkeregistrerte adresser vil ikkje kontrollen leve opp til dei krav som vert stilt frå lovgjevar si side.

Ei løysing på problemet kan vere at Skatteetaten samarbeider tettare med kommunane og at etaten set inn ressursar for ein grundigare kontroll. Kommunane har behov for ein større medverknad i den statlege kontrollen med opplysningane i folkeregisteret. Kommunane treng korrekt informasjon i arbeidet sitt for å hindre at kontroll med buplikt blir ei kunstig forvaltningsoppgåve.

Dagens system bidreg til å skape utfordringar for borgarane si tillit til konsesjonslovgjevnaden og arbeidet til Skatteetaten kan miste legitimitet i befolkninga. Det skapar grunnlag for å diskutere kva for system vi ynskjer og bør ha.

[1] Sjå sakene 2022/2957 og 2022/2945

Denne artikkelen er skrive av Gro Bakke, trainée hjå KS Advokatene.