Regjeringa har denne sommaren oppheva vannskuterforskrifta. I staden har kommunane fått høve til å fastsette lokale forskrifter som gjeld vannskuterkøyring.

KS meiner det er bra at regjeringa har tillit til norske kommunar si evne til å forvalte naturressursar. Det er likevel problematisk at regjeringa gjennomfører hastevedtak, og at kommunane ikkje har fått tid nok og vegleiing til å gjennomføre dei reguleringane dei sjølve ønskjer. Nokre kommunar gav opp å få vedteke ei forskrift som kan gjelde i sommar sjølv om dei eigentleg ønskja det. 

KS skal gjere sitt for å støtte kommunane i denne situasjonen. Nedanfor kan du sjå opptak frå seminaret.

Utvalde kommunar fekk presentere sine problemstillingar, mellom anna ved Jone Blikra, ordførar i Kragerø, og John Erik Vika, ordførar i Eidsvoll. Advokat i KS, Øyvind Renslo, kommenterte innleiingane og viste til måtar å møte ulike utfordringar på. Ein representant frå Kystverket, seniorrådgjevar Thor Messel, var også til stades. Det vart og høve til å stille spørsmål og legge inn kommentarar frå publikum.

Presentasjonane frå innleiingane finn du på lenkene nedanfor.

Frå KS Advokatane si side vart det påpeika at det er mogleg å regulere spesifikke farty i medhald av Havne- og farvannsloven. Det gjeld innanfor kommunane sine områder, men også statleg forvalta områder. Her gjeld det i dei kommunale forskriftsforslaga å gjere greie for kvifor reguleringa er "sterkt ønskjeleg" - noko som ikkje krev same tyngda som "tungtvegande grunnar". Det er ingen klagerett når det gjeld avgjerder i Kystfartsverket, dermed er det domstolane som eventuelt må vurdere kommunane sin praksis dersom det oppstår tvist. I verneområde kjem det dessutan særskilte reglar på toppen av kva som elles gjeld for området.

Publikum ønskte at KS hjelper til med å utarbeide forskrifter som vert godtekne av Kystfartsverket, at nabokommunar får hjelp til å lage felles reglar, og at ein lyt sjå på eit felles regelverk som og gjeld statleg forvalta områder innanfor ein kommune, til dømes det som gjeld "hoved- og bileder".

I desse dagar etablerer KS nettstaden sin for vannskuterproblematikken på www.kslaring.no. Etter kvart skal dette utviklast til eit arbeidsrom for kommunar som vil dele kunnskap på feltet.