Storkommunen, som kjem i drift i 2020, består av kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. I intensjonsavtalen står det at kommunen skal ha nynorsk målvedtak. All publikumsinformasjon om den nye kommunen er på nynorsk.

Håpar prisen vil verke samlande

– Det Nye Ålesund har gjort, å ta det tøffe valet, er eit viktig symbol for omlandet, det gir omlandskommunane ei kjensle av å høyre til i den nye store kommunen, det gir nye Ålesund eit stort potensiale til å skape ein heilt unik identitet, sa områdedirektør Tor Arne Gangsø i KS.

Han deltok i ein debatt om kommunar og fylkeskommunar sitt språkansvar under arrangementet.

Tor Arne Gangsø, KS, heilt til høgre. Foto: KS

Juryleiar Margrethe Kvarenes rosar kommunen for tydeleg språkmedvite.

– Nye Ålesund er inne i ein krevjande samanslåingsprosess, og språkmedvitet har vore tydeleg heilt frå starten, seier juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet. Språkspørsmålet har vore sentralt i diskusjonane rundt den nye storkommunen, og juryen håpar at prisen vil verke samlande i det vidare arbeidet, Margrethe Kvarenes.

Ein føregangskommune

Nynorsk kjem til å bli ein naturleg del av opplæringstilbodet i den nye storkommunen, også for vaksne innvandrarar. Kommunen brukar òg nynorsk i møte med næringslivet, i sosiale medium og i innbyggjarmagasinet «I støypeskeia». Juryen meiner tiltaka er inspirerande for alle som arbeider i område med stort språkmangfald, skriv Språkrådet på sin nettstad.

Kulturminister Trine Skei Grande delte ut prisen i Oslo mandag. Kvart år sidan 2009 har Kulturdepartementet og Språkrådet delt ut prisen. I år har juryen særleg konsentrert seg om kommunar som har gjort eit ekstra arbeid for å sikre nynorsken i kommune- og fylkesreforma. Prisen er på 100 000 kroner.