Klarspråkprisen går til offentlege verksemder som har utmerkt seg med eit langsiktig og systematisk arbeid med klart språk. Det er éin pris for statlege etatar og éin for kommunar/fylkeskommunar. Prisane blir delte ut 15. mai.

Prisane skal påskjøne godt, klart og brukarvenleg språk i offentleg sektor. Dei blir delte ut av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Dette er kriteria for klarspråksprisane

Juryen vil mellom anna leggje vekt på:

  • korleis klarspråkarbeidet er organisert
  • korleis språkarbeidet er kopla saman med andre arbeids- og utviklingsprosessar
  • kva for nokre konkrete tiltak som er gjennomførte
  • korleis målgruppene blir involverte i utviklinga av tekstar, og korleis tekstar blir tilpassa behovet deira
  • kva konkrete resultat verksemda har fått gjennom evalueringar, brukartestar, målingar eller liknande

Slik nominerer du di eiga verksemd

Juryen treng ein del dokumentasjon for å kåre vinnarane av klarspråksprisane. Alle verksemder som vil nominere seg sjølv, må fylle ut skjemaet under.

Lenkeblokk Icon Her kjem du til påmeldingsskjema i Questback (bokmål) Lenkeblokk Icon Her kjem du til påmeldingsskjema i Questback (nynorsk)

Slik nominerer du ei anna verksemd

Kjenner du til ei anna verksemd som har gjort ein god jobb med klart språk? Da kan du foreslå ein kandidat ved å sende forslag med grunngiving til ssb@sprakradet.no. Verksemda du foreslår, får tilsendt skjema som ho sjølv må fylle ut og sende inn.

Fristen for å nominere er 20. mars 2024.

Prisen blir delt ut i Oslo 15. mai.

Lenkeblokk Icon Les meir om klarspråksprisane på klarspråk.no