Ifølgje statistikk frå Utdanningsdirektoratet har 205 800 ungdommar i år søkt seg til vidaregåande opplæring i offentlege skular. Studiespesialisering er utdanningsprogrammet som har flest søkjarar ved alle trinn, til tross for at talet på søkjarar til Vg1 held fram med å gå noko ned. Blant yrkesfaga er helse- og oppvekstfaget framleis det desidert mest populære utdanningsprogrammet. I år har i underkant av 10 700 søkt seg til dette faget.

– Det er veldig positivt at så mange unge søkjer seg til helse- og oppvekstfaget. Norsk arbeidsliv, og kommunesektoren spesielt, vil framover ha eit stort behov for kompetent arbeidskraft. Unge som vel seg til helse- og oppvekstfaget vil bli høgt etterspurde i arbeidslivet, seier arbeidslivsdirektør i KS, Tor Arne Gangsø.

Tala over søkjarar viser også at det er 20 700 søkjarar til læreplass – ei auke på 350 søkjarar samanlikna med i fjor.

Med den alvorlege virussituasjonen som pregar heile landet og som råkar næringslivet hardt økonomisk, kjem Gangsø med ei oppmoding til kommunesektoren.

-  No som næringslivet slit og alle klutar blir sette til for å verna verksemder og arbeidsplassar, vil KS oppfordra kommunar og fylkeskommunar til å ta ansvar for at ungdommane som søkjer læreplass i minst mogleg grad blir skadelidande.

Sidan «Samfunnskon­trakt for fleire læreplassar» vart underteikna i 2012 har talet på nye lærlingar auka med 24 prosent for arbeidslivet sett under eitt. I laupet av denne perioden har kom­munesektoren hatt den prosentvis største auken i talet på nye lærlingar. Der kommunesektoren har hatt ein auke på 43 prosent, har statleg og privat sektor hatt aukingar på høvesvis 31 og 25 prosent.

– Dette viser at felles innsats gir resultat. Det er svært positivt at kommunesektoren stadig sikrar fleire læreplassar. I dette arbeidet er Samfunnskontrakten eit viktig verktøy, avsluttar Tor Arne Gangsø.