Målet med KS Barnevernløft er å auke både eigarskap og kunnskap som den politiske og administrative leiinga har til barnevern og dei samla tenestene til barn og unge. Det kommunale barnevernet har fått auka fagleg og økonomisk ansvar gjennom barnevernreforma.

I KS Barnevernløft bidreg kommunane med kunnskap om eigen organisasjon og eigne problemstillingar. KS hjelper med eit større kunnskapsgrunnlag, synleggjering av det det lokale handlingsrommet, samt metodar og prosessleiing.

Godord frå statsråden

KS tilbyr i perioden deltakande kommunar å komme på besøk i eit kommunestyremøte der temaet barnevern og barn og unge er på dagsorden. Martin Skramstad, tidlegare ordførar i Løten, fortalde om gode erfaringar med dette i Innlandet, kor KS Barnevernløft vart gjennomført først.

– Politikarar må koplast på tidleg og vera med på å utforme politikken, ikkje berre verta med i sluttspurten, sa Skramstad.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) ynskte velkommen til samlinga. Ho understreka kor viktig det er at ein styrkar laget rundt barn og unge.

Den nye barnevernlova trådde i kraft 1. januar 2022 og gjev kommunane større ansvar for barnevernet. Den gjev og kommunane ei plikt til å utarbeide ein plan for førebygging. Toppe gav kommunane godord for si interesse for deltaking i Barnevernløftet.

Gruppearbeid både med deltakarar frå eigen kommune og på tvers av kommunar fekk i gang gode diskusjonar og stort engasjement.

Første samling vart ein god start på det vidare arbeidet med barnevernløftet i Vestland, og mellomarbeidet heime i kommunane er i gang. Neste samling er 10. og 11. november.