Konsultasjonsmøtet med KS var eit av oppdraga Kjell-Børge Freiberg hadde før han gjekk av som minister berre få dagar seinare.

- Vi er nøgde med at Olje- og energidepartementet synest å vere samd i at dagens system og forvaltningspraksis i vindkraftsaker ikkje er tilfredsstillande og varslar betre rammer for forvalting. Vi i KS vil gjere vårt for å få på plass system og praksisar der kommunesektoren vert skikkeleg involvert frå start til slutt i vindkraftsaker, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen.

KS er glad for at ingen nye konsesjonar blir gitt før eit nytt system er på plass, og at betre økonomisk kompensasjon til kommunar med vindkraftverk står på dagsorden.

KS tok også saker der konsesjonar til å byggje vindkraftverk alt er gitt, og anlegget er under utforming. At kommunar opplever ikkje å bli skikkeleg involvert og høyrt i saksbehandlinga var ein viktig bodskap.  Styreleiaren i KS konstaterer at det er ei utfordring å handtere dei sakene der konsesjon alt er gitt.

- Vi skulle nok gjerne hatt enda klarare signal om korleis dei pågåande høyrings- og klagesakene blir behandla og om at kommunane sine syn blir sterkt vektlagt i desse sakene, men vi oppfattar at statsråden skjønte bodskapen vår, seier Helgesen.  

Gjentok behov for meir til flom- og rassikring

KS peika på at trass i fleire vèr-hendingar med omfattande flom- og skredskader gir forslaget til statsbudsjett for 2020 ingen reell auke i midlane til førebygging mot og handtering av flaum og skred. NVE har på si side auka sitt anslag over behovet for slike tiltak frå 2,5 til nesten fire milliardar kroner. KS ber regjeringa om å auke midlane til flaum- og skredsikring med 400 millionar kroner årlig utover dei 300 millionane i ordinære løyvingar.

- KS opplevde at statsråden forsto det aukande alvoret i saka og at departementet har eit ønske om å bidra med meir, seier Gunn Marit Helgesen. Lovnader fekk vi naturleg nok ikkje.