Klimatilpasningsjkonferansen

29. november 2018

Olje- og energidepartementet (OED) har gitt NVE i oppdrag å leie arbeidet med å lage forslag til ei «nasjonal ramme for vindkraft på land». Framlegget skal bestå av to delar; eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om verknader av vindkraft, og eit kart med forslag til utpeiking av «dei mest eigna» områda for vindkraft.

Styreleiar Gunn Marit Helgesen framheva blant anna i møtet med OED at KS meiner at regionale planar må vere avgjerande for kva konsesjonar som blir gitt.

- Å lage regionale planar som ikkje, eller i liten grad, får noko å seie er dårleg bruk av knappe ressursar i landet vårt, understreka Helgesen. Skal regional planlegging fungere som verktøy for å avvege ulike interesser, må statleg medverking skje som del av planprosessane. «Nasjonal ramme for vindkraft på land» må fungere som eit fagleg grunnlagsarbeid, som kan nyttast i arbeidet med regionale planar, ikkje som overstyring frå staten, meiner Helgesen.

Satsing på flom- og skredførebygging er kostnadseffektivt
KS tok også opp i møtet at regjeringa gjer framlegg om å vidareføre NVE sitt budsjett for flom- og skredsikring på omtrent det same nominelle nivået, 349 mill. kroner, som Stortinget har vedteke for 2018. Dette inneberer at vi ikkje får den nødvendige satsinga som kunne sikra innbyggarane i eit klima i endring der auka ekstremvær gir stadig fleire skader og set folk i fare, meiner KS.

I 2016 og 2017 la NVE fram forslag om ekstraordinær satsing utover dagens budsjett på 200 millionar kroner årleg i ein tiårs periode, til saman 2 milliardar kroner. I tillegg avdekker pågåande faresonekartlegging og hendingar stadig nye utsette område med behov for nødvendige sikringstiltak. KS støttar fullt ut at dette blir teke til følgje i budsjettet for NVE.

KS tok opp på nytt spørsmålet om å få greia ut om ei ny forsikrings- og finansieringsordning for kommunal infrastruktur utsett for naturskade. Ein hovudbodskap var at forslaget som KS er eit grunnlag for dialog om eit betre system for betre kommunal infrastruktur, ikkje eit låst forslag frå KS si side.

Møtet var ein del av konsultasjonsordninga - dei faste møta KS har med regjeringa. Her kan du lese meir om ordninga.