Det er eit sjeldan syn i Noreg. Sikkerheitsvakter utanfor møtesalen under eit politisk møte. Men det kunne ein sjå i fylkeshuset i Stavanger tidlegare i år. Bakgrunnen var ei betent sak om bompengar.

- Vi har fått epostar med veldig sterkt innhald. Nokre av dei er å oppfatte som direkte truslar, sa leiaren av fylket sitt samferdslestyre, Ellen Solheim, til Stavanger Aftenblad.

I Sogn og Fjordane fortel Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad kva hets og sjikane gjorde med henne. Ho er redd dette fører til at nokre ikkje orkar å vere lokalpolitikar.

LES OGSÅ: «Send ordføraren til helvete»

I juni skreiv NRK at politikarar i Finnmark trekkjer seg ut av politikken, grunna sjikane, hets og trakassering på nett.

Dette er berre nokre døme.

Lokaldemokratiet under press
Dag-Henrik Sandbakken, som er fagsjef for KS sitt folkevaltprogram, møter mange folkevalte. Han trur omfanget av truslar og hets mot folkevalte aukar, men seier at det fins lite forsking på dette.

Tre av ti ordførarar har opplevd truslar eller trakassering, viser ei undersøking Kommunal Rapport publiserte tidlegare i år. Den same undersøkinga viste at rundt 16 prosent av alle lokalpolitikarar har opplevd truslar og trakassering i denne fireårsperioden.

Ein meir polarisert debatt set demokratiet og tilliten i samfunnet vårt under press, viser ein stordataanalyse Zynk har gjort for KS.

- Eg tenkjer at det KS kan gjere først og fremst er å skaffe oss meir kunnskap om dette, og så utarbeide tilrådingar og råd rundt korleis det kan handterast, seier Sandbakken.

Har du tankar om korleis ein kan handtere det?

- Vi har ikkje gode svar, men eit godt råd er å vere open om det, å ta det opp med kollegaer, gjere det kjent eller vurdere å melde til politiet.