Sted: Sogndal

Vestland: Klart språk i kommunesektoren

KS Vest-Norge PÅMELDING

Praktisk informasjon

Fra: 29. januar 2020 kl. 10.00

Til: 30. januar 2020 kl. 15.00

Sted: Sogndal

Adresse: Quality Hotel Sogndal

Pris: Deltaking inkl kurs, måltid og overnatting: kr 2750,-. Dagpakkar (kurs og lunsj) kr 775,- pr dag. kr

Region: KS Vest-Norge

Kurset passar både for deg som har jobba ein del med klarspråk, og for nybegynnarar. Du kan delta éin eller begge dagar. Kvar kommune/fylkeskommune kan melde på to til fem deltakarar.

Dag 1: Klarspråk – kva, kvifor og korleis

Dette kurset gir ei innføring i kva klarspråk er, kvifor det er viktig, og korleis vi kan bruke klarspråksprinsippa til å skrive forståelege og effektive tekstar som kommuniserer godt med alle som bur og jobbar i ein kommune. I løpet av kursdagen knyter vi teori om klarspråk og god kommunikasjon til teksttypar som kunngjeringar, saksframlegg og vedtaksbrev. Vi ser på korleis vi byggjer opp gode tekstar, korleis vi bør kommunisere med lesarane våre i dag, og korleis vi formulerer oss presist og forståeleg. Vi jobbar med reelle tekstar frå ulike kommunar slik at dei overordna klarspråksprinsippa blir kopla til gjenkjennelege eksempel frå ein kommunal skrivekvardag.

Kurset vekslar mellom foredrag, diskusjon og praktisk arbeid individuelt og i mindre grupper.

Målgruppa for kurset er leiarar, kommunikasjonsarbeidarar og fagpersonar av ulike slag. Gjennom kurset blir du i stand til å setje i gang klarspråksarbeid og til å skrive lesarvennlege og effektive tekstar i tråd med klarspråksprinsippa. Vi oppfordrar alle kommunar og fylkeskommunar til å sende fleire deltakarar på kurset, slik at de kan samarbeide om klarspråkstiltak i etterkant.

 

Dag 2: Framleis klart

Framleis klart er eit klarspråkskurs for deg som allereie har delteke på grunnkurset Klart språk i kommunesektoren anten dagen før eller tidlegare.

På dette kurset får du fagleg påfyll og idear til korleis du kan jobbe vidare med klarspråk i din eigen (fylkes-) kommune, og du får høve til å utveksle erfaringar og idear med andre klarspråksentusiastar.

Brukarinvolvering- og testing er eit viktig tema på kurset: Korleis kan vi involvere innbyggjarane i kommunen i arbeidet med tekstane? Du blir oppdatert på teori og praksis, og du får teste ulike metodar i praksis.

Andre tema denne dagen er skrivereglar, skriveverkstader og universell utforming av tekstar – i tillegg til at vi ser nærmare på nokre utvalde teksttypar.


Kven held kurset?

Kurshaldarane Vidar Lynghammar og Karolina Netland frå NTB Arkitekst er to av dei mest erfarne konsulentane og kurshaldarane på området klarspråk i landet. Dei har vore tungt involverte i klarspråksarbeidet i ei lang rekkje statlege og kommunale verksemder, dei har skrive om massevis av brev og standardtekstar, utvikla mange språkprofilar, brukartesta tekstar innanfor ulike fagområde og kursa tusenvis av byråkratar i klarspråk og skriftleg kommunikasjon.

Påmeldingsfrist: 10. januar 2020

KONTAKT