Til hovedinnhold

Sted: Grieghallen, Bergen

Foto: Grieghallen

Klarspråk 2025 - i ein digital kvardag

KS Vest PÅMELDING

Praktisk informasjon

Fra: 03. april 2025 kl. 10.00

Til: 04. april 2025 kl. 14.00

Sted: Grieghallen, Bergen

Adresse: Peer Gynt-salen, Grieghallen

Målgruppe: Alle som jobbar med tenester til innbyggjarar, tilsette eller politikarar

Region: KS Vest

Jobbar du med tenester til innbyggarar, tilsette eller politikarar? Då er denne konferansen for deg! Få innsikt og inspirasjon gjennom nyttige innlegg. Lær korleis vi kan samarbeide betre, jobbe smartare, og utnytte moglegheitene som allereie finst.

Konferansen er for deg som jobbar i det offentlege, anten du er saksbehandlar, servicemedarbeidar, kommunikasjonsrådgivar, eller på andre måtar kommuniserer på vegner av ein kommune, fylke eller statleg etat. Det blir eit eige spor for leiarar i ulike posisjonar.

 

Kva kan du forvente?

Siste nytt frå klarspråksarbeidet: Få innsikt i dei nyaste trendane og metodane innan klarspråk med tips og råd for godt skrivearbeid.

Klarspråk og kunstig intelligens: Forstå korleis kunstig intelligens fungerer og korleis vi kan bruke det i arbeidet med klarspråk.

Nettverksmoglegheiter: Møt kollegaer som jobbar med klarspråk og digitalisering.

Praktiske råd og dokument: Ta med deg heim konkrete døme og nyttige verktøy for å forbetre dei digitale tekstane dine.


PROGRAMMET finn du her. 

 

Pris

Eit av måla for konferansen er at prisen skal vere så overkommeleg som mogleg. Vi tilbyr deltaking med eller utan middag, men prisen er den same om du vel å delta på ein eller to dagar. Vi ber deg likevel merke av om du berre deltek den eine dagen, for å unngå matsvinn. 

 

Tidleg ute med påmelding? Meld deg på innan 20.12.2024 for tidleg-ute-pris! 

Konferanse med middag kr 3 490,-

Konferanse utan middag kr 2 990,-

 

Frå 21.12. er prisen kr 3 990,- for heile konferansen, og kr 3 490,- utan middag.

 

Har du behov for overnatting? Sjå informasjon her.

 

Hovudarrangør: DigiVestland og KS Vestland

Medarrangør: Språkrådet og klarspråksavdelinga i KS

 

Kontaktpersonar/programkomité:

Mona Mekki, Vaksdal kommune mona.mekki@vaksdal.kommune.no

Eva Hille, Bergen kommune eva.hille@bergen.kommune.no 

Mali Hjemdal, DigiVestland mali.hjemdal@bergen.kommune.no 

Anne-Karin Løken, KS anne-karin.loken@ks.no 

 

KONTAKT