Sted: Sogndal

Sogn og Fjordane/Hordaland: Ny som leiar i kommunen, 1. samling

KS Vest-Norge PÅMELDING

Praktisk informasjon

Fra: 18. september 2019 kl. 10.00

Til: 19. september 2019 kl. 16.00

Sted: Sogndal

Adresse: Quality Sogndal Hotel

Målgruppe: Nye leiarar i kommunane

Region: KS Vest-Norge

KS Vest inviterer med dette nye leiarar i Sogn og Fjordane og Hordaland til opplæringsprogrammet Ny som leiar i kommunen. 

Opplæringsprogrammet er i regi av KS i Sogn og Fjordane og Hordaland, og er
ei grunnopplæring for nye leiarar i kommunane.

Målsetjinga er å gje deltakarane kunnskap og ferdigheiter innan utvalde tema som ein kan ta med seg tilbake i utøving av leiarrolla. Vi har som målsetjing å gje kunnskap som er grunnleggjande for å utvikle seg som ein trygg og utviklingsorientert leiar i kommunen.

Programmet er lagt opp over tre samlingar, som vil bli ei blanding av førelesing, gruppearbeid og erfaringsutveksling. Det vil bli lagt opp til at deltakarane må førebu seg til samlingane og til noko arbeid mellom samlingane.

Leiarane sitt ansvar for å utvikle gode tenester vil stå sentralt.

 

Målsettinga vår er å
• bidra til trygge og utviklingsorienterte leiarar
• skape nettverk og ein positiv leiarkultur i fylket

 

Oversikt over samlingar:
1. samling 18.–19. sept. 2019, Quality Sogndal Hotel, Sogndal
2. samling 11.–12. nov. 2019, Quality Hotel Edvard Grieg, Bergen
3. samling 15.- 16. jan. 2020, Scandic Sunnfjord Hotel, Førde

Meir detaljert program blir sendt ut i slutten av august.

Prisar for første samling:
Deltaking med fullpensjon: kr 2700,- pr person
Deltaking med dagpakkar:  kr 1675,- pr person

 

Praktisk informasjon:
Ved påmelding er det venta at du deltek på heile programmet med alle tre samlingane.

Det vil bli sendt ut påmeldingsinformasjon til kvar samling.

Påmeldingsfrist: 30. august.
Merk: Første mann til mølla!
Bindande påmelding.

KONTAKT