Sted: Webinar

Webinar om aldersvennleg samfunn

KS Møre og Romsdal

Praktisk informasjon

Tid: 15. september 2021 kl. 09.00 - 13.45

Sted: Webinar

Region: KS Møre og Romsdal

INVITASJON TIL WEBINAR OM ALDERSVENNLEG SAMFUNN

Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Møre og Romsdal inviterer til webinar om aldersvennleg samfunn.

 

Det regionale støtteapparatet er Statsforvaltaren, KS, Utviklingssenter for sjukeheim og heimeteneste, Fylkeseldrerådet og Senter for omsorgsforsking.

 

Vi har valt aldersvennleg samfunn som eit av hovudtema i 2021. Arbeidet med aldersvennleg samfunn er sektorovergripande og vi inviterer tilsette og leiarar i alle avdelingar i kommunane, planleggarar, politikarar, administrasjon, eldreråd, ungdomsråd , rådet for personar med funksjonsnedsettelser, frivillige lag og organisasjonar, arbeids- og næringsliv, kunnskaps- og forskingsinstitusjonar, og innovasjons- og utviklingsmiljø og alle interesserte.

 

Leve heile livet handlar om å spreie gode løysingar for eldre på tvers av kommunegrenser. Vi har derfor lagt opp til  digital erfaringsutveksling i grupper og felles.

 

Føredragshaldarane kjem mellom anna frå Senter for eit aldersvennleg samfunn, KS, Husbanken, Møre og Romsdal fylkeskommune og Kristiansund kommune.

 

Påmeldingsfrist: 10. september 2021

KONTAKT