Sted: Digitalt

Dette skjer no! Klarspråk som verktøy for demokrati
PÅMELDINGPraktisk informasjon
Tid: 02. juni 2023 kl. 11.00 - 12.00
Sted: Digitalt
Pris: Gratis kr
Region: Oslo
Klarspråksfeltet utviklar seg når ulike opplevingar og perspektiv blir samla og systematisert. I vår kjem det både ein rapport og ein standard som samlar slike erfaringar, og som viser kva som er viktig her og no. I dette nettseminaret vil vi sjå nærare på nokre av vårens store hendingar.
1. juni legg sannings- og forsoningskommisjonen fram rapporten sin. Kommisjonen har granska fornorskingspolitikken og uretten som er gjort mot samar og kvenar/norskfinnar. Professor Pia Lane, som sit i kommisjonen, vil gje oss nokre hovudfunn frå rapporten og skissere forslag til tiltak på språkfeltet. Lane vil også snakke om korleis ein forsoningsprosess kan føre til høgare tillit mellom forvaltninga og innbyggjarane.
Laila Susanne Vars er rektor ved Sámi allaskuvla – Samisk høgskole. Vars vil kommentere funna i rapporten og peike på samanhengen mellom klarspråk og forsoningsarbeid.
Den internasjonale standardiseringsorganisasjonen ISO har nettopp lansert den aller fyrste standarden for klarspråk: ISO 24495-1 Plain Language – Governing principles and guidelines. Det er ein milepåle for klarspråksfeltet! Hundrevis av ekspertar frå heile verda har delteke i arbeidet, og det gjev oss ein standard som vil fungere for dei fleste skriftspråk. Til å introdusere klarspråksstandarden for oss i Noreg har vi vore så heldige å få australske Christopher Balmford, som har leia arbeidet med standarden heilt frå idéstadiet og fram til mål.
27. mars i år tok Sunnfjord kommune imot klarspråksprisen for kommunar. Juryen trekte særleg fram at kommunen handsamar språk og annan kommunikasjon som eit demokratiprosjekt. Dei tilsette veit at det er ein demokratisk rett å forstå informasjon frå kommunen. Anette Sollid vil fortelja meir om arbeidet med klarspråk i Sunnfjord kommune.
Program
- Pia Lane, professor i fleirspråklegheit ved UiO og medlem av sannings- og forsoningskommisjonen
- Laila Susanne Vars, rektor ved Sámi allaskuvla – Samisk høgskole
- Christopher Balmford, leiar av arbeidet med ISO-standard for klarspråk
- Malin Moldestad, rådgjevar i Sunnfjord kommune
- Kjetil Gundersen, seniorrådgjevar i Språkrådet
Følg nettseminaret: https://app.sli.do/event/cfNSwhmtGxWXTrzWsnLm9D