Forskrifta seier mellom anna:

  • At kommunen skal sørgje for opplæring i norsk og norsk kultur og norske verdiar sjølv om undervisningsstaden er stengd, med mindre det ikkje er mogleg å tilby opplæring via digitale hjelpemiddel eller på andre måtar.
  • Det same gjeld opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Det skal ikkje gjennomførast prøver i desse faga så lenge opplæringsinstitusjonar og prøvestadar er stengde.
  • At plikta til å delta i opplæring i norsk og i norsk kultur og norske verdiar for asylsøkjarar i mottak som er over 16 år mellombels fell bort, dersom ein ikkje kan gjennomføre opplæringa grunna utbrotet av Covid-19.
  • At kommunen skal sørgje for eit tilbod for deltakarane i introduksjonsprogram, med mindre det ikkje er mogleg å gi eit tilbod via digitale hjelpemiddel eller på andre måtar.
  • Kommunen skal utbetale introduksjonsstønad uavhengig av fråvær i perioden det ikkje er, eller kun er redusert tilbod om introduksjonsprogram. Sistnemnte avgjerd har tilbakeverkande kraft frå 16. mars.

Heile forskrifta kan lesast her: Midlertidig forskrift om tilpasning i lovgivningen om opplæring i mottak, introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap som følge av utbrudd av Covid-19 - Lovdata

Sjå høyringsfråsegn frå KS til forskrifta her: Høringssvar om midlertidige forskrifter med hjemmel i koronaloven - KS