Det føreståande forslaget møter stor motstand i dei nordiske landa, og vil potensielt kunna underminera den nordiske modellen for lønnsfastsetjing. Det er enno uvisst om kommisjonen vil koma med ei ikkje-bindande anbefaling eller føreslå ny lovgiving i form av ei forordning eller eit direktiv.

Høyringsrunde med partane i arbeidslivet
I midten av januar presenterte Europakommisjonen moglege tiltak knytt til forslaget om minstelønn. Den fyrste høyringsrunden om initiativet vart avslutta i februar. I konsultasjonen er det dei europeiske arbeidslivspartane som er høyringsinstansar, som for KS sin del er paraplyorganisasjonane CEEP og CEMR. Høyringsdokumentet frå kommisjonen inneheld ingen konkrete forlag, men grunngir behovet for regulering slik kommisjonen ser det.

Korkje CEEP eller CEMR ønskjer å opna ein dialog om regulering av minstelønn, og argumenterer for at Europakommisjonen ikkje har myndigheit til å føreslå ei lovregulering på lønnsområdet. Organisasjonar som Business Europe og SMEunited framhevar den same bodskapen. Sjølv om kommisjonen tidlegare har slått fast at eit initiativ om minstelønn vil respektera nasjonale modellar og tradisjonar, er ikkje dette synet tydleg framført i høyringsdokumentet. CEEP påpeikar tvert om at omtalen av partsdialog og sterke kollektive forhandlingssystem, og betydinga dette har for økonomien og arbeidsmarknadar, er fråverande i dokumentet.

Eit spørsmål som splittar
Der signalet om eit EU-initiativ for minstelønn foreinar nordiske arbeidstakarorganisasjonar, arbeidsgivarorganisasjonar og myndigheiter til motstand, så er tanken om ein felles europeisk minstelønnsstandard meir forlokkande blant fagrørsla i delar i Sør- og Aust-Europa. Dette kom tydleg til syne ved at over 80 prosent av dei europeiske arbeidstakarorganisasjonane stemte for ETUC sitt høyringssvar – eit svar som går inn for vidare dialog om regulering.

Ti av dei nordiske arbeidstakarorganisasjonane, som var i mindretal i ETUC, har på bakgrunn av dette sendt eit felles brev til kommisjonen kor dei går imot ETUC sin ståstad. Skrivet frå dei nordiske organisasjonane er rett nok ikkje ein del av den formelle høyringsprosessen. Neste høyringsrunde om initiativet startar 29. april.

CEMR og EPSU med felles front
Under førre partsdialogmøte for lokalt og regionalt nivå, der arbeidstakarsida er representert av EPSU, vart CEMR og EPSU samde om ein felles uttale om saka. I eit skriv til kommisjonen understrekar partane at lovfesta minstelønn på EU-nivå ikkje er ein farbar veg å gå.

KS har kontakt med både regjeringa og andre hovudorganisasjonar om EU sitt initiativ, og vil arbeida for at forslaget ikkje skal leggja skrankar på lønnsfastsetjinga.

 

 

FNs bærekraftmål er en rød tråd gjennom arbeidet i EU, KS og kommunene. Minstelønn i Euopa berører bærekraftmålene om å utrydde fattigdom, anstendig arbeid og mindre ulikhet.