KS, Fylkesmannen og Høgskulen i Sogn og Fjordane presenterer utdanningsprogrammet:

Alle kommunar ønskjer å tilby ein grunnskule som er kjenneteikna av godt læringsmiljø og godt læringsutbyte, der elevane kan utvikle seg både fagleg, kulturelt og sosialt. I dag veit vi at ein aktiv skuleeigar kan spele ei viktig rolle ved å leggje til rette for elevane si læring.
Men - kva kan dei folkevalde og administrasjonen som skuleeigarar konkret gjere for å fremje utvikling av ein god grunnskule?
Utdanningsprogrammet er lagt opp med fire fagsamlingar over to dagar med tilhøyrande arbeidsseminar, til saman åtte dagar.
Les meir om utdanningsprogrammet:
Den gode skuleeigar - informasjon
Den gode skuleeigar - program
Kommunen melder på sine deltakarar her: http://ks.event123.no/DenGodeSkuleeigar
Påmeldingsfrist: 5. desember