
Utdanning og oppvekst er viktig!
Interessa for utdanningsprogrammet Den Gode Skuleeigar er fantastisk - heile 80 deltakarar frå 21 kommunar deltok på første samling av utdanningsprogrammet som starta i Førde 1. februar. I tillegg møtte gjestar frå Utdanningsdirektoratet og frå Statped Vest.
Deltakinga og engasjementet på samlinga viser at politisk og administrativ leiing i kommunane er svært opptekne av skulen sitt unike oppdrag, og å få til ein god styringsdialog om utvikling av skulesektoren.
Den første samlinga tok tak i lokale og nasjonale utfordringar for skuleutvikling sett i lys av internasjonale utfordringar og styringstrendar. Nasjonale prøver og bruk av data i utviklingssamanheng var eit tema som opptok skuleeigarane og blei drøfta i arbeidsseminara. Sørum kommune, som fekk skuleeigarprisen i 2009, bidrog med sine erfaringar i høve utviklingsdialogen mellom det folkevalde og det administrative nivået.
Kommunane skal fram til neste samling, som er 18. – 19. april i Balestrand, jobbe vidare med eigne målsetjingar for utvikling av skulen.
Presentasjonar og materiell frå første samling finn du her:
http://ks.event123.no/DenGodeSkuleeigar/foredrag.cfm