Den samla pensjonen til ein arbeidstakar i kommunal sektor består av 2 element: alderspensjon frå Folketrygda og tenestepensjon frå arbeidsgjevar.
I - Alderspensjon frå folketrygda – like reglar for alle
Frå 1. januar 2011 er det no mogleg å ta ut alderspensjon frå Folketrygda frå fylte 62 år.
Nye oppteningsreglar
Alle år i arbeid vil no telle med og på denne måten stimulere meir til å stå lenger i arbeid samanlikna med dagens regelverk.
Nye uttaksreglar
Uttak av alderspensjon i folketrygda er ved innføringa av pensjonsreforma gjort fleksibel. Dette betyr at kvar einskild kan velje når ein vil ta ut pensjon mellom 62-75 år og kor stor andel ein ønskjer å ta ut.
Ein kan og kombinere arbeid og alderspensjon frå folketrygda, utan avkorting, dersom ein ønskjer det. Eit viktig element er at dess lenger ein ventar med å ta ut pensjon, dess større blir den årlege utbetalinga.
Levealdersjustering
Nye berekningsreglar tek omsyn til utviklinga i befolkninga sin levealder. Dette vert kalla levealdersjustering. Dette betyr at pensjonen blir lågare eller ein må stå lenger i arbeid for å oppretthalde dagens pensjonsnivå, dersom levealderen aukar.
Ny regulering av pensjonar under utbetaling
Pensjonar under utbetaling vil no regulerast lønnsvekst – 0,75%. Dette betyr ein nokon svakare regulering enn i dag.
For nærmare informasjon, sjå lenke til NAV sine sider under artikkelen.
II - AFP i offentleg sektor
Dagens AFP vidareførast som i dag med moglegheiter for delvis uttak.
Det er ikkje mogleg å gå av med AFP frå offentleg tenestepensjon, og samstundes ta ut fleksibel fleksibel alderspensjon frå folketrygda. Her må ein altså gjere eit val, ein vil ikkje kunne få begge delar.
III - Tenestepensjon i offentleg sektor
I hovudsak vidareførast dagens reglar for offentleg tenestepensjon. Det betyr at offentlig tenestepensjon fortsett vil vere ei bruttoordning basert på sluttlønsprinsippet, med unntak av levealdersjustering og ny regulering.
Dersom ein arbeider etter uttak av offentleg tenestepensjon, kan ein arbeide inntil minstekravet for innmelding i pensjonsordninga - 14 timar pr. veke - utan at pensjonen vert avkorta. Arbeider ein meir enn minstekravet, jmf. HTA, kapittel 2, skal ein meldast inn som øvrige arbeidstakarar, og tenestepensjonen vil då verte redusert eller falle vekk.
Levealdersjustering
Tenestepensjon skal, som alderspensjonen frå folketrygda, levealderjusterast. Det vil seie at den einskilde sin pensjon vil bli justert for endringane i levealder. Det er fullt mogleg å stå i arbeid utover 67 år for å kompensere for reduksjonen i pensjon som følgje av levealdersjusteringa. Uansett kor lenge ein arbeider utover 67 år, vil ein ikkje kunne oppnå meir enn maksimalt 66% av sluttløn.
Garantibestemmelse
Arbeidstakarar som pr. 1.januar 2011 har 15 år eller mindre igjen til fylte 67 år (fødd til og med 1958), er garantert å få 66% av sluttlønna dersom dei har full opptening etter levealdersjustering.
Det er viktig å merke seg at tidleg uttak av alderspensjon frå folketrygda, for eksempel frå fylte 62 år, kan føre til at ein ikkje vil oppnå 66% av sluttløn i pensjon ved 67 år. Grunnen til dette er at ein ved eit slikt tidleg uttak vil få mindre årleg utbetalt pensjon frå folketrygda, og at tenestepensjonsordninga ikkje vil kompensere for dette.
Ny regulering av pensjon under utbetaling
Regulering av alderspensjon under utbetaling skjer ved at pensjonsgrunnlaget regulerast årleg frå 1.mai i samsvar med lønsveksten og deretter fråtrekt 0,75%. Dette betyr ein noko svakare regulering enn tidlegare.
IV - Uførepensjon
Regjeringa arbeider med ei reform av uføreordninga som oppfølging av pensjonsreforma. Eit forslag vil vere klart om kort tid.
V - AFP i privat sektor
AFP i privat sektor vil no bli gjeve som eit livsvarig tillegg til fleksibel alderspensjon frå folketrygda. Det betyr at arbeidstakarar i privat sektor, med rett til AFP, kan jobbe fritt ved sidan av utan avkorting i pensjonen. Dette til forskjell for offentleg sektor, der ein ikkje vil ha denne fleksibiliteten.
VI - Tenestepensjon i privat sektor
Pensjonsordningane i privat sektor er tilpassa fleksibelt uttak av alderspensjon i folketrygda. Dette inneber rett til å ta ut alderspensjon ved fylte 62 år eller seinare.