Eg veit ikkje om det hadde gått så fort over om eg hadde bura meg inne og ikkje sagt at dette ikkje var greitt

Ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy kommune

- Kva som utløyste det enorme raseriet som eg opplevde har eg ikkje fått heilt tak på.

Ho prøvde lenge å sjå på det som ein del av jobben. Det var godt at dottera på 13 år akkurat var for ung til å vere på Facebook, hugsar ho at ho tenkte. Det kom mykje der eit barn ikkje burde lese om mor si. Rundt henne vart familie og vener bekymra. Ho kjende på eit snikande ubehag, men tenkte ho berre måtte ta seg saman. Så small det. Kroppen sa tydeleg i frå.

- Dersom mi sak kan vere med å gje litt merksemd rundt kva som er greitt og ikkje vil eg ta ein for laget. Ein kan etter kvart sjå på det som ei utfordring for demokratiet. At folk ikkje tørr å stille.

Når politikk blir møtt med hets
I Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane hadde dei hatt prosessar med skulenedlegging, justering av kommunegrenser og kommunesamanslåing. I takt med at desse sakene kom på dagsorden kom det også bølgjer av hets og sjikane i sosiale media.

- Det var saker med solide fleirtal i kommunestyret, men likevel så er du som ordførar den som må stå fram for sakene. Det vart mykje personfokus.

Den første kommentaren ho hugsar å ha lese var at ho burde sendast til helvete. Og brenne der. Det prella eigentleg av. Då visste ho ikkje at det skulle kome mykje meir.

F***e, hore, maktsjuk og diktatorisk
«Den dama er full i faen» «Ho er faen ikkje god» «Maktsjuk» «Diktatorisk»

Ho har framleis noko av det på telefonen, sjølv om ho eigentleg ikkje har lyst på sjå på det.

- Det var ord som f***e, vi veit jo alle kva som skulle stå der. Hore. Nokre antyda at ein var med i politikken for å få reise på hotell med mannlege kollegaer. Ikkje nødvendigvis namngjeve, men alle skjønte at det var meg dei skreiv om. Den slags er kanskje spesielt sårt.

- Eg vart samanlikna med Hitler. Mussolini. Det var på det nivået. Mykje diktator, diktatur. Og ein del delvis kjønnsrelatert.

Avsendarane var både sambygdingar, og folk utanfor kommunen, også utanfor fylket. Ein del var heilt ukjende namn. Den elles sosiale ordføraren vart skeptisk til å møte i nokre sosiale samanhengar. På butikken var det nokre som slutta å helse.

- Som politikar skal du tole mykje, men ikkje alt, seier ordførar Kristin Maurstad. Foto: Vågsøy kommune.

- Kommunepolitikken er kanskje enda meir sårbar fordi det blir så nær. No skal eg ikkje seie at det ikkje er vanskeleg når du er sentralpolitikar. Klart det er det. Men det blir kanskje nærare i lokalpolitikken.

Sjuk over natta
Det var ein fredag, heilt i gryinga av januar at det ikkje gjekk lenger. Eit folkemøte om kommunesamanslåing nærma seg. I nyheitsmedia kunne ein lese om steile frontar blant innbyggarane i kommunen. I sosiale media hadde det braka laust igjen.

Ho skulle på jobb, som vanleg. Men ho var ikkje seg sjølv då ho vakna. Over natta hadde ledda slått seg vrange. Fingrane var hovne. Ho mista følelsen i halve ansiktet, halve armen og foten. Eksem. Naseblod. Oppkast. Kva er det for noko?, spurte systera, då ho ikkje klarte å løfte steikepanna.

Ho vart innlagt på sjukehus.

- Dei konkluderte med stress og press, og fysiske utslag av den grunn. Eg ser nok at det hadde ein samanheng med trøkket mot meg som person.

På kort tid mista ho sju kilo. Til og med treninga som alltid hadde vore ein viktig ventil vart for tung.

«Ordføraren er sjukemeld»
I lokalavisa kunne ein lese at ordføraren var sjukemeld, og at stress truleg var årsaka. Ho hadde bestemt seg for å vere meir open.

- Eg veit ikkje om det hadde gått så fort over om eg hadde bura meg inne og ikkje sagt at dette ikkje var greitt, at eg ikkje likar det.

Då ho først opna opp var det mange som slo ring om henne. Både i eige og andre parti. Nokre veker før hadde også systera tatt eit oppgjer med hets og ryktespreiing.

- Eg veit ikkje korleis ein skal angripe det, men merksemd rundt det trur eg er nødvendig. Og personar rundt som konfronterer og stiller opp. Det er ikkje slik at ein person har fatta vedtaka. Å ha ein gjeng rundt seg som står opp for kvarandre. Neste gong kan det vere du sjølv som blir hetsa.

Bekymra for at nokre ikkje orkar
Maurstad er bekymra for at det kan ta frå politikarar gleda med å gjere jobben sin. For at nokre ikkje skal tørre, eller orke. For at spesielt unge skal tenke at det blir for vanskeleg. Eller for at det blir dei mest tjukkhuda eller tøffaste som orkar.

- Eg er ikkje sikker på om eg hadde sagt ja til renominasjon dersom det var aktuelt. I februar hadde eg ikkje gjort det. I dag hadde eg kanskje. No slepp eg å ta den diskusjonen med meg sjølv, fordi eg blir grensejustert ut av kommunen eg er ordførar i, men eg trur kanskje at spesielt familien helst hadde sett at eg ikkje sa ja.

Ho trur mange kan bli skremde av det dei ser i sosiale media.

- Vi treng politikarar som er både ferske og dei som har vore ei stund. Den breidda vi treng i politikken kan vi misse når det er på denne måten. Eg vil ikkje skremme. Politikken er til sjuande og sist fleire oppsider enn nedsider. Men det er viktig å be om hjelp når ein treng det.