Det er fint med fjordar, fjell, øyer og små og mellomstore lokalsamfunn, men det kan og vere utfordrande når alarmen går. I ein ny legevaktpilot skal kommunar i Sogn og Fjordane prøve ut nye måtar å organisere legevakta på, mellom anna med ein nyskapande «legevaktsatelitt».

- Piloten kan vere med på å sikre ei berekraftig og forsvarleg lokal akuttmedisinsk teneste i område som i dag har utfordringar. Samstundes kan vi styrke og behalde dei delane av drifta som fungerer godt, seier Harald Offerdal, ordførar i Balestrand og styreleiar i KS i Sogn og Fjordane.

Skal bruke ressursane betre
Legevaktpiloten går ut på å bruke tilgjengelege ressursar betre, på tvers av dei skiljelinene som er i dag. Den er eit resultat av samarbeid mellom kommunar, KS, Fylkeslegen og Helse Førde. 23 av 26 kommunar slutta opp om søknaden til Helsedirektoratet.

- KS har hatt fokus på å legge til rette for involvering og deltaking for kommunane i fylket i prosjektet. Det har vore ein styrke for søknaden at så mange kommunar har slutta opp om den, seier Frode Kyrkjebø, som er dagleg leiar i KS i Sogn og Fjordane.

Sentraliseringsutfordringar
Når legevakttenesta og ambulansetenesta blir sentralisert kan vegen bli lang for nokre innbyggarar. I kommunane som har eigne legevakter er legane oftare med ambulansen ut.

- Dagens organisering av legevaktene i Sogn og Fjordane er grunna geografi og relativt tynt befolkningsgrunnlag i stor grad sentralisert. Dette har vore naudsynt for å rekruttere og halde på fastlegar i kommunane, men kostnaden har vore lang avstand til legevakt for mange av innbyggarane, seier Øystein Furnes, kommuneoverlege i Førde kommune og legevaktsjef for det interkommunale samarbeidet SYS-IKL, Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt.

Offerdal peiker på at sentralisering og etablering av store legevaktdistrikt mellom anna har ført til lang utrykkingstid for legar, slik at dei ikkje klarer å tilfredstille krava om umiddelbar utrykking. Meir samarbeid på tvers og betre utnytting av ressursar kan også bidra til å løyse rekrutteringsutfordringar, samt avlaste legar som tidlegare har hatt bakvakt når dei ikkje har vanleg vakt.
- Sentralisering har ført til ei stor utfordring knytt til rekruttering av legar og vaktbelasting, seier Offerdal.

«Legevaktsatelitt»
Sjølve nyskapinga i legevaktpiloten er å bruke telemedisinske eller digitale løysingar i ein «legevaktsatelitt». På stader der det bur relativt få, som har lang veg til legevakt eller sjukehus, skal sjukepleiarar eller ambulansepersonell kommunisere med vakthavande lege via video.

- Ved å bruke eksisterande sjukeheim eller ambulansestasjon i kommunane som skal delta i piloten kan ein auke kompetansen til sjukepleiarar og ambulansepersonell, og utstyre dei med telemedisinsk kommunikasjon inn til den sentrale legevakta. Konsultasjon med legen skjer via telemedisin, medan sjukepleiaren eller ambulansepersonell gjer naudsynte undersøkingar, seier Øystein Furnes.

Han fortel at i nokre tilfelle vil ein kunne løyse situasjonen og gje pasienten naudsynt hjelp der og då, medan ein i andre situasjonar vil måtte ta pasienten inn til legevakta for nærare undersøking.
- Då har ein eit bilete av korleis situasjonen til pasienten er, og kan betre organisere transport på riktig nivå, og gje behandling på veg til legevakta om det er nødvendig.

Korleis vil innbyggarane merke piloten?
- Dei vil få lettare og raskare tilgang til legevakttenester.

Dei tre nivåa i pilotprosjektet
Prosjektmodellen er delt i tre nivå:

Nivå 1: SYS- IKL (Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt): Den sentrale legevaktstasjonen med legevaktsentral og koordinerings- og kvalitetsansvar.

Nivå 2: Etablerte legevakter som fins i dag. Små og store legevaktdistrikt, som skal ha legar på bakvakt på nivå 1, eventuelt også på nivå 3 deler av døgnet.

Nivå 3: «Legevaktsatelitt» i områder der det bur relativt få, som skal vere bemanna av sjukepleiarar og ambulansepersonell. Dei skal ha audiovisuell kommunikasjon, til dømes videosamtale, med ansvarleg lege på den sentrale legevaktstasjonen.

Romsdal interkommunale legevakt i Molde skal også vere pilot.