Framtidas kompetanse sentralt tema på Skuleleiarkonferansen
Tore Skandsen ga deltakarane verkty for å arbeide aktivt med prosessar i organisasjonar. Foto: Astrid Paulsen, KS.

Framtidas kompetanse sentralt tema på Skuleleiarkonferansen

Ludvigsenutvalet si innstilling NOU 2015:8 om framtidas kompetanse og framtidas skule var sentral på Skuleleiarkonferansen i Sogn og Fjordane. Temaet var utgangspunkt for drøfting og refleksjon rundt utviklingsarbeidet som skal skje i skulen framover.

Ein konklusjon frå utvalet sitt arbeid er mellom anna ei fornying av kompetansebaserte læreplanar, og at ein må  vere meir spesifikk  når det gjeld læreplanane sitt innhald.

Dybdelæring og meistring i fag  vil bli vektlagt ved innlæring av nye emne.

Omfattande samarbeid i Sogn og Fjordane
Deltakarane på konferansen fekk også eit godt innblikk i ulike delprosjekt frå forskingsprosjektet «Lærande regionar». Øyvind Glosvik har i sitt delprosjekt sett på partssamarbeidet i Sogn og Fjordane som eit lærande utdanningssystem, og ser at «noko er annleis i Sogn og Fjordane».
 

Noko er annleis i Sogn og Fjordane Øyvind Glosvik

Mellom anna er det  eit langt meir omfattande og tett samarbeid mellom aktørane i Sogn og Fjordane enn i nokon av dei andre fylka som var med i studien. I Sogn og Fjordane er relasjonane  tettare, meir krevjande og integrerande, og det ser ut til å skape høgare grad av funksjonalitet. Ein trur dette mellom anna skapar betre skular og betre rammevilkår for lærarane.

Makt, påverknad og leiing i organisasjonar
Professor Linda Lai avslutta dagen med å gje forsamlinga viktig innsyn i forsking innafor tema makt, påverknadskraft og leiing i organisasjonar. Lai snakka i hovudsak om makt som eit  potensial til å påverke, og makt i eit positivt formålsperspektiv. Som leiar er det viktig å vere medviten til kva makt og kva maktbasar ein har, og kva påverknadsteknikkar som er effektive i endringsprosessar. 

 

Linda Lai snakka om makt som eit potensial til å påverke, og makt i eit positivt formålsperspektiv. Foto: Astrid Paulsen, KS.

 

Kunnskapen er viktig både for å reflektere over korleis ein sjølv verkar som leiar, og ikkje minst korleis ein sjølv blir påverka. Kjeldene til makt er mange, og nokre kjelder til makt er meir positive og  betre å bygge sitt leiarskap på enn andre.

Det er også ei viktig erkjenning  at makt  kan verke negativt på andre, og at makt i seg sjølv kan verke øydeleggande og fremje uønskt åtferd hos dei som har makt.

Skuleleiarkonferansen er eit årleg samarbeidsarrangement mellom KS, Høgskulen, Fylkesmannen og Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, og gjekk av stabelen 30. september til 1. oktober på Hotel Alexandra i Loen. Konferansen samla omlag 180 skuleleiarar frå heile fylket.