Kommunebarometeret: Førde er den beste kommunen i landet
Desse tre kan juble over topplassering i Kommunebarometeret: frå høgre rådmann Ole John Østenstad, ordførar Olve Grotle og kommunalsjef Helge Sæterdal i Førde kommune. Foto: Siv Dolmen.

Kommunebarometeret: Førde er den beste kommunen i landet

- Det er dei tilsette som først og fremst skal ha ros, seier ordførar Olve Grotle (H).

Dei 13 000 innbyggarane i Førde i Sogn og Fjordane bur i den beste kommunen i Noreg, ifølgje årets kommunebarometer frå Kommunal Rapport. Barometeret er ei samanlikning av alle kommunane her i landet, basert på 152 nøkkeltal innanfor 12 ulike sektorar.

Grunnskulen er juvelen Ole John Østenstad, rådmann

- Dette kjem av målbevisst jobbing over mange år. Vi har hatt ein stø kurs, seier mangeårig rådmann Ole John Østenstad. Han viser til at kommunen systematisk har brukt KOSTRA-tal, brukarundersøkingar og medarbeidarkartleggingar. - Ikkje for å vere med i NM for kommunar, men for å reflektere over kvar vi har forbetringspotensiale og justere.

- Grunnskulen er juvelen
Østenstad kallar skulen for sjølve juvelen. Kommunebarometeret syner at Førde er den kommunen i landet som over tid har lågast andel elevar på lågaste meistringsnivå på 5. trinn, og på ungdomsskulen er denne statistikken også heilt i toppsjiktet, skriv Kommunal Rapport.

- Vi har vore blant dei beste i mange år, men ein må heile tida prøve å bli betre, elles kjem ein langt etter. Eg er også veldig tilfreds med at pleie og omsorg er så høgt oppe. Og på økonomi har vi forbetra oss. Vi var nummer 403 for nokre år sidan. No er vi nummer 103.

- Har det ein treng
- Ein har eigentleg ein treng her i Førde, konkluderer Kai Egil og Håvard. Kai Egil bur på Holsen i Førde kommune. Håvard er oppvaksen i Førde og har sommarjobb der, men bur i Trondheim for tida. Dei to er ute og jobbar, medan Førde viser seg frå si beste side, med sol og opp mot 30 varmegrader.

Kva er det beste med Førde?

- Akkurat i dag er vel det beste med Førde veret, ler Kai Egil, og får støtte frå kollegaen. - Ja, når veret er fint er det jo heilt nydeleg, med så fin natur rundt.

Kai Egil og Håvard er fornøgde med Førde og meiner byen har det som trengst. Foto: Eirin Aardal. 

Bra for samanslåinga
Ordførar Grotle meiner dei gode resultata frå Kommunebarometeret er eit godt bidrag til kommunesamanslåinga i 2020. Då skal Førde og tre nabokommunar bli til Sunnfjord kommune.

- At den største kommunen scorar så godt på så mange område gjev eit godt grunnlag. Vi skal ta med det beste frå dei fire kommunane.  

Kommunen som kom best ut i Rogaland er Sola kommune på 10. plass, i Hordaland er det Os kommune på 46. plass.

Dei ti kommunane som kom best ut Kommunal Rapport sitt Kommunebarometer er:

1. Førde, Sogn og Fjordane

2. Røyken, Buskerud

3. Mandal, Vest-Agder

4. Hole, Buskerud

5. Bærum, Akershus

6. Tynset, Hedmark

7. Oppegård, Akershus

8. Nittedal, Akershus

9. Skedsmo, Akershus

10. Sola, Rogaland

Her kan du sjå korleis alle kommunane kom ut: https://kommunal-rapport.no/kommunebarometeret/2018/07/kommunebarometeret-2018-totaltabellen