Klart språk - så klart!
Prosjektgruppa for nye Stad kommune meiner klarspråk er viktig når den nye kommunen skal byggjast. F.v. rådmann Åslaug Krogsæter, kommunikasjons- og informasjonsansvarleg Elin Paulsen og prosjektkoordinator Kristine Dahl. Foto: Stad2020.

Klart språk - så klart!

- Klarspråk er peika ut som eit satsingsområde i arbeidet med å byggje den nye kommunen, seier prosjektkoordinator for Stad2020, Kristine Dahl. Eid og Selje er to av mange kommunar som deltok på kurs i klarspråk i Jølster nyleg.

Eid og Selje kommunar og Bryggja krins i Vågsøy kommune blir frå 1. januar 2020 Stad kommune. Eid og Selje har peika ut klarspråk som eit satsingsområde i arbeidet med å byggje den nye kommunen.

Klart språk ein føresetnad for å nå måla
- Det var naturleg for oss å delta på dette kurset, seier prosjektkoordinator i Stad2020, Kristine Dahl. - Vi har vedtatt ein kommunikasjonsstrategi som seier at  kommunikasjonen med tilsette, innbyggjarar og andre samarbeidspartar skal kjenneteiknast av openheit, respekt og truverde. Vi skal også legge til rette for medverknad og involvering i ulike delar av prosessen. Klart språk er ein føresetnad for å kunne oppnå dette, meiner Kristine.

Frå venstre kursleiarane Vidar Lynghammar og Karolina Netland frå NTB Arkitekst og Anna Holm Vågsland frå KS.


Rekordstor interesse

KS si satsing på klarspråk har etterkvart teke til å bli godt kjent i kommune-Norge. Stadig fleire kommunar melder seg på kurs, for å lære korleis ein kan kommunisere betre gjennom enklare og meir forståelege tekstar. Kursleiarane Vidar Lynghammar og Karolina Netland har, saman med prosjektleiar for Klart språk i KS, Anna Holm Vågsland, hatt mange slike kurs rundt om i landet. 

Vi har til gode å høyre at nokon seier at denne teksten er for enkel å lese Vidar Lynghammar, NTB Arkitekst


Dårlege tekstar er eit demokratisk problem

- Kva er ein kommuneplan? spør kursleiar Vidar Lynghamar. - Det er ikkje alle som forstår kva dette er. Dei veit kva kommunen er og kva ein plan er, men kva er det når ein set orda saman? Kva er det å vere berørt av ein kommuneplan? utfordrar han deltakarane på kurset i Jølster. - At innbyggjarane ikkje forstår det kommunen skriv, er ikkje berre kommunen sitt problem, men også eit demokratisk problem, understrekar Vidar. - Korleis skal innbyggjarane kunne ivareta sine eigne interesser i kommunen når ein ikkje forstår kva kommunen formidlar? 

Vidar og Karolina viser deltakarane mange reelle døme på tekstar som ikkje er enkle å forstå. Tekstane er henta frå ulike kommunar. Kursdeltakarane ler oppgitt over eksempla som blir viste, og dei er ikkje framande for at slike døme også finst i deira eigne kommunar. 

F.v. Atle Holsen, Førde kommune, Ingrid Stave, Selje kommune, Haakon Stauri Begby, Luster kommune og Ingeborg Lie Fredheim frå Sogn og Fjordane fylkeskommune drøftar ulike kommunale tekstar.


Ønskjer å starte klarspråksarbeid
Vågsøy kommune er også interesserte i klarspråk. - Bakgrunnen for at vi valde å delta var at vi ønskte å få vite meir om kva klarspråk handla om, og kva effektar klarspråk kan ha, seier konsulent Irene Sivertsen. Dei er tre frå kommunen som har meldt seg på kurset. Kollegaene Linda Alice Myhre Larsen og Jon Even Kvalheim sit i arbeidsgruppa for service og informasjon i nye Kinn kommune. - Vi ønskjer at kurset skal setje oss i stand til å starte eit klarspråksarbeid i eigen kommune, seier Irene. 

Irene Sivertsen, Linda Alice Myhre Larsen og Jon Even Myre frå Vågsøy oppdaga at dei kan vere meir direkte og personelege i tekstane som kommunen skriv. - Vi må bruke færre faguttrykk og bruke meir daglegdagse ord, seier Irene Sivertsen.


Vågsøy kommune nyttar SMS-varsling til innbyggjarane ved informasjon om veg, vatn og kloakk. - Vi vil sjå på tekstinnhaldet og teste varslingane før dei blir sende ut i samarbeid med drifts- og anleggsavdelinga vår, forklarer Irene. - I tillegg vil vi ta ein gjennomgang av informasjons- og nyheitsartiklane på heimesida vår, legg ho til.

Meir direkte og personelge tekstar
Irene synest kurset i klart språk har vore nyttig og kjekt. - Vi må bli meir direkte og personelege i tekstane våre, seier ho. - Vi bør bruke eit meir munnleg språk som om det skulle vere ein direkte samtale med innbyggjaren. Vi må vere meir bevisste på målgruppa vi skal nå med tekstane våre, oppsummerer Irene.  

Mykje spart ved å skrive klart
- Klarspråk handlar ikkje om å skrive enkelt, men om å skrive tekstar som er enkle å forstå. Det er ein balanse mellom presisjon og nøyaktigheit, held Vidar fram. - Eit godt tips er å tenkje teksten som ein samtale, supplerer Karolina.

Humørfylte og motiverte kursdeltakarar som vil lære å skrive klart og tydeleg under kurset på Skei. Kurset fekk rekordstor oppslutnad.


Karolina viser nokre døme på kva ein kommune kan spare ved å skrive klarare og tydelegare. Døma fortel at dei som har satsa på klarspråk og som har forenkla tekstane sine, ofte sparer mykje ressursar. For eksempel får kommunen langt færre telefonar frå folk som ikkje forstår kva som står i brev dei har motteke. Tidsbruken blir ofte betydeleg redusert. - Innsparingspotensialet er svært stort, understrekar ho. 

Vil peike ut klarspråkminister
I tillegg til å få meir innsikt i kva som ligg i klarspråk-arbeidet, ønskte deltakarane frå Eid også å bruke kurset på Skei til å bli kjend med dei nye kollegaene sine i Selje kommune. Dei hadde ikkje tenkt så mykje over at det var innsparingseffektar i klart språk, og var overraska over at tekstar knytt til ettersyn av viktig planarbeid i praksis er uforståelege.

- I Stad2020 vil vi peike ut ein "klarspråkminister" og arbeide fram ein eigen språkprofil for kommunen, seier Kristine Dahl. - Denne må danne grunlaget for vidare arbeid med kommunesamanslåinga, og må nyttast konkret i arbeidet med nye malar, seier ho. 

Kan søkje midlar til klart språk 
Kristine og kollegaene blei også fyrst på kurset klare over at dei kan søkje midlar til klarspråk-satsinga, noko dei tykkjer er veldig bra. - Det er fint å kunne drøfte seg gjennom språket utan at vi i offentleg sektor kjenner oss uthengde og latterleggjort, seier ho. - På denne måten blei drøftingane konstruktive og vi blei motiverte til å gå i gang med forbetringsarbeidet, seier ein inspirert prosjektkoordinator i Stad2020. 

Alle foto: Anne-Karin Løken, KS.