Ordførerpraten

Stein Robert Osdal (KrF), ordførar i Selje kommune

I Selje kommune ønsker dei seg eit nytt hotell etter at det gamle hotellet brann ned i fjor. Viss hotelldraumen går i oppfylling, ser ordførar Stein Robert Osdal (44) fram til å endeleg få klippe snor igjen.

Stein Robert Osdal (KrF), ordførar i Selje kommune
Stein Robert Osdal er ordførar i Selje kommune.

Nemn tre gode grunnar for å besøkje Selje kommune:
Først vil eg trekke fram maten vi kan tilby i kommunen. Deretter eit besøk til Selja kloster og til sist surfestranda i Hoddevik.

Kva for ein annen kommune enn din eigen vil du besøke og kvifor?
Då ville eg valt Røst kommune. Eg finn Røst både eksotisk og avslappande.

Kva har overraska deg mest ved å vere ordførar?
Det må vere alt det eg må vite og uttale meg om. Eg har jobba mykje med næringslivsspørsmål, kanskje meir enn eg hadde trudd. Dessuten er eg overraska over at det er så lite snorklipping i kommunen vår.

Fjellheimen i Selje kommune. Foto: Selje kommune.

Kva for ei snor klippa du sist?
Som sagt klippast det lite snor i Selje. Sist gong var ved opninga av eit treningsstudio i fjor.

Kva for sosiale medier brukar du mest?
Eg brukar Facebook fordi eg synast dette er ein god kommunikasjonskanal. Her har eg moglegheit til å gå litt meir i djupna på det eg har lyst til å seie noko om. Dei andre sosiale media-kanalane føler eg vert mykje overflatisk og tomt for innhald. Det hender vel at Facebook også av og til faller i den gruva, men førebels held eg meg til det mediet.

Kva manglar i din kommune?
Vi manglar eit hotell på branntomta etter det gamle hotellet som brann ned i fjor. Det vart påtent og vart totalskadd. Dette er den store lengselen som eg og mange andre har. Vi har fått opp eit flott lite hotell i ein annan del av kommunen som er kjempebra, men storstova manglar.

Kva er du mest stolt av at dykkar har fått til i kommunen?
Eg er stolt av at vi har fått til ei kommunesamanslåing der vi har eit samla politisk miljø som står bak. Vi har lite usemje mellom innbyggjarane i kommunen på retningsvalet. Det andre er at vi har fått kommunen ut av ROBEK (Register om betinget godkjenning og kontroll) og har no pengar på bok. Dette har gjort vår handlefridom langt større.

Viss du hadde pengar til eit godt tiltak for ungdom i kommunen din - kva ville du brukt dei til?
Dei ville eg brukt til å byggje ein ny fleirbrukshall og oppretta aktivitetsrute for ungdom frå bygdene til sentrum slik at dei kunne kome seg til fleirbrukshallen fleire gongar i veka.

Fakta om Selje kommune

Ordførar: Stein Robert Osdal (KrF)

Areal: 226,12 km²

Folkemengde: 2791

Fylke: Sogn og Fjordane

Artikkel: Stein Robert Osdal (KrF), ordførar i Selje kommune