Ordførerpraten

Olav Kasland (V), ordførar i Bø kommune

Olav Kasland (56) kan fortelje at Bø er ein av landets kommunar med høgast befolkningsvekst. Ordføraren mener at dette båe gjer økonomiske utfordringar og eit behov for fleire arbeidsplassar.

Olav Kasland (V), ordførar i Bø kommune
Olav Kasland er ordførar i Bø.

Nemn tre gode grunnar for å besøke Bø:
Eg trur at nesten alle i Noreg allereie har besøkt Bø, fordi Bø Sommarland ligg her. I tillegg har vi fjellområdet Lifjell, som er like attraktivt sommar som vinter. Skal du besøke Bø over ei litt lengre tid, vil eg framheve Høgskulen i Bø, som snart er eit universitet, med sine utallige studietilbod og studentaktivitetar. Kvart år er det 3000 studentar tilknytta høgskulen.


Bø Sommarland. Foto: Bø kommune.

Kva for ein annen kommune enn din eigen vil du besøke og kvifor?
Det må bli vakre Ulvik i Hardanger. Naturen på vestlandet er noko for seg sjølv og det er alltid godt å besøke svigerfamilien min i Ulvik.

Kva har overraska deg mest ved å vere ordførar?
Det som har overraska meg mest må vere kompleksiteten og den store påverknaden ein har som ordførar.

Kva for ei snor klippa du sist?
Sist eg klippa snor var under opninga av sentrumsgata Stasjonsvegen. Gata har fått ei svært etterlengta opprusting, som har stor påverknad på omgivnaden.

Kva for sosiale medier brukar du mest og kvifor?
Eg brukar Facebook mest fordi eg når veldig mange av båe eigne innbyggjarar og andre på den plattformen.

Kva manglar i din kommune?
Vi manglar meir pengar. Bø er ein av landets kommunar med høgast innbyggjarvekst og stor aktivitet. Dette gjer økonomiske utfordringar. Vi treng óg fleire arbeidsplassar. Veksten i arbeidsplassane held ikkje tritt med befolkningsveksten.

Gygrestolen, en fjellformasjon i Bø. Foto: Bø kommune.

Kva er du mest stolt av at dykkar har fått til i kommunen?
Det er fleire ting eg er stolt av at vi har fått til. Eg vil mellom anna trekke fram kommunesamanslåinga med Sauherad, kontroll på kommuneøkonomien og vedtatt bygging av ein kunnskapspark på 8000 m². Vidare har vi gjennomført ei opprusting av Bø sentrum og fått ein grønn profil på regulering og utbygging. Vi har i fleire år på rad vert blant topp fem som kulturkommune. Eg er også stolt av befolkningsveksten, kjøpet av eit kraftverk til 700 millionar og mykje meir.

Viss du hadde pengar til eit godt tiltak for ungdom i kommunen din - kva ville du brukt dei til?
Då ville eg ha gitt meir pengar til kulturskulen.

Fakta om Bø kommune

Ordførar: Olav Kasland (V)

Areal: 263,21 km²

Folkemengde: 6262

Fylke: Telemark

Meld deg på vårt nyhetsbrev

 
Artikkel: Olav Kasland (V), ordførar i Bø kommune