Ordførerpraten

Knut Erik Engh (FrP), ordførar i Ulstein kommune

Knut Erik Engh (43) likar framleis å snakke med folk direkte og har framleis tru på folkemøter som ein demokratisk arena. Han har vore lenge med i politikken og er godt nøgd med mykje i kommunen.

Knut Erik Engh (FrP), ordførar i Ulstein kommune
Knut Erik Engh er ordførar i Ulstein kommune.

Nemn tre gode grunnar for å besøke Ulstein kommune:
Det første eg vil trekke fram er den vakre naturen vi har rundt oss på alle kantar. Ulsteinvik er eit perfekt utgangspunkt for opplevingar til havs og til fjells. Den flotte skjærgarden eignar seg godt til båtliv, padling og dykking. Fjella våre kan by på lett turterreng med mykje utsikt. Innan ein times kjøring når ein tak i dei litt meir krevjande og imponerande Sunnmørsalpane som ligg i nabokommunene.

Det andre er dei flotte idrettsanlegga vi har i kommunen. For nokre år sidan opna vi Ulsteinhallen, ein stor idrettshall for friidrett og andre baneidrettar. I tilknyting til dette har vi ein moderne fotballstadion som er heimebana til Hødd. I desember opnar vi Ulstein Arena som inneheld svømmehall, klatrehall, idrettshall og eit moderne og spennande bibliotek – midt i sentrum.

Det siste eg vil trekke fram er Ulsteinvik sentrum. Vi har i dei siste åra satsa mykje på trivsel og attraktivitet. Innanfor ein lita kjerne har vi samla to kjøpesentre, kafear, resturantar, utestadar, hotell, kulturhus og no sist Ulstein Arena.

Utsiktsbilete over Ulstein kommune. Foto: Per Eide.

Kva for ein annen kommune enn din eigen vil du besøke og kvifor?
Eg er glad i storslått natur og difor kunne eg tenke meg å besøke Vågan eller ei av dei andre Lofot-kommunane. I tillegg til naturen likar eg godt det nordnorske lynnet.

Kva har overraska deg mest ved å vere ordførar?
Det må vere den påverknadskrafta du har som ordførar. Å kome inn tidleg i prosessar og halde kontakta med både næringsliv og innbyggjarar, er utslagsgjevande for å kunne vere med å påverke utfallet av ei sak. Eg har vore med lenge i politikken, men har aldri hatt så god oversikt og stort kontaktnett som eg har no.

Kva for ei snor klippa du sist?
Det var opninga av ein flott gapahuk som var bygd og initiert av private krefter på kommunens eigedom. Kommunen har i ettertid gitt støtte til finansieringa. Eit flott tiltak.

Kva for sosiale medier brukar du mest?
Eg brukar stort sett kun Facebook og Snapchat. Snapchat kun privat, medan eg nyttar Facebook meir aktivt som debattarena og for å publisere ting eg likar. Eg likar framleis best å snakke med folk direkte og har framleis tru på folkemøter som ein demokratisk arena, men innser at det ikkje held i dag. For å nå ut til folk må ein bruke ulike verkemiddel, og då er sosiale medier truleg det viktigaste verktøyet ein har.

Kva manglar i din kommune?
Vi har vel det meste, men viss eg skulle peike på noko, må det vere fleire turstiar. Det er heilt utruleg kor folk kjem seg ut på tur når ein legg litt til rette for det. Vi har laga nokre dei siste åra og fått mange gode tilbakemeldingar på det.

Kva er du mest stolt av at dykkar har fått til i kommunen?
Eg er mest stolt av at vi blir opplevd som ei moderne og framoverlent kommune. Det gode samarbeidet med næringslivet gir oss gode impulsar på kva som er viktig, og akkurat no satsar vi tungt på å lære borna våre å bruke og skape ny teknologi i grunnskulen. Vi er først i landet til å innføre koding på alle klassetrinn i grunnskulen, og har vidareutdanna samtlege lærarar i teknologibasert undervisning.

Knut Erik Engh på folkemøte i Ulstein kommune. Foto: Svein Arne Orvik.

Viss du hadde pengar til eit godt tiltak for ungdom i kommunen din - kva ville du brukt dei til?
Då ville eg brukt det til å utruste det nye biblioteket vårt til ein moderne makerspace, eller digital sløyd, som vi gjerne kallar det. Vi har masse tilbod til ungdom som driv med idrett og kultur, men manglar eit godt nok tilbod til dei som er kreative praktikarar.

Fakta om Ulstein kommune

Ordførar: Knut Erik Engh (FrP)

Areal: 97,18 km²

Folkemengde: 8457

Fylke: Møre og Romsdal

Meld deg på vårt nyhetsbrev

 
Artikkel: Knut Erik Engh (FrP), ordførar i Ulstein kommune