Ordførerpraten

Jon Larsgard (Sp), ordførar i Jondal kommune

Ordførar Jon Larsgard (58) er stolt av at Jondal har hatt ein auke i folketalet. Sidan 2009 har den tidlegare nedgangen i folketalet snudd, og ordføraren gler seg over å ha fleire og spele på lag med.

Jon Larsgard (Sp), ordførar i Jondal kommune
Jon Larsgard er ordførar i Jondal kommune.

Nemn tre gode grunnar for å besøke Jondal kommune:
Den korte avstanden mellom isbre og sjø finn ein knapt nokon annan stad. Det er mindre enn ein halv time å køyra frå brekanten av Folgefonna til Hardangerfjorden. Det gjer det mogleg å stå på ski eller klatra i breen same dag som ein badar eller padlar i sjøen. Vidare er opplevingar ein god grunn til å besøke kommunen. Her har vi eit velhalden og levande kulturlandskap som er rikt på kulturminne i fredelege omgjevnader. Til sist har vi gode turmogelegheiter gjennom eit stort og godt tilrettelagt nett av turstiar.

Brevandring med "Folgefonni Breførarlag". Foto: Desire Weststrate.

Kva for ein annen kommune enn din eigen vil du besøke og kvifor?
Sidan Jondal er ein av fem Nasjonalparklandsbyar i landet, kunne eg tenkt meg eit besøk i Lom som er ein annan av dei. I Lom har dei lukkast godt med satsing på lokalmat og lokalmattradisjonar. Samstundes ligg dei og stabilt i toppen av Kommunebarometeret, og kan ha ein del å læra bort i høve til kommunal økonomistyring.

Kva har overraska deg mest ved å vere ordførar?
Å oppleva frå innsida kor viktig det lokale sjølvstyret er i høve til å utvikla velferdsstaten. Den store og gode innsatsen som vert lagt ned for å sikre folk gode og nære tenester har imponert meg. Og det er i møte med kommunen folk får dei fleste av desse.

Kva for ei snor klippa du sist?
Sist gong eg klippa snor var i samband med opninga av eit utstillingsnaust for ein kyrkjebåt. Det er eit eksempel på godt samspel mellom kommune og lokale eldsjeler og friviljug sektor. I kommunen finst det lange tradisjonar for trebåtbygging, som vert synleggjort med dette.

Kva for sosiale medier brukar du mest?
Dette er vel eit av spørsmåla eg helst ikkje ville hatt. Trass i gode intensjonar, nyttar eg det svært lite, men håpar nærheit til innbyggjarane og open dør kan kompensera noko.

Kva manglar i din kommune?
Vi skulle gjerne hatt eit utvida ferjetilbod, med avgangar kvar halvtime i staden for kvar time. Det ville vera positivt for innbyggjarane i kvardagen, og styrkja det viktige vegsambandet som knyter Bergen opp mot Haukelivegen.

Kva er du mest stolt av at dykk har fått til i kommunen?
Det er at nedgangen i folketalet i kommunen har stoppa opp, og at vi har hatt ein auke sidan 2009. Å verta fleire er viktig for å sikra inntektsgrunnlaget for kommunen. Det gir oss fleire å kunne spela på lag med.

Kajakkpadling i Jondal kommune. Foto: Innovasjon Norge.

Viss du hadde pengar til eit godt tiltak for ungdom i kommunen din - kva ville du brukt dei til?
Eit sunt skulemåltid dagleg kunne vore eit godt tiltak som dei fleste ville hatt nytte av.

Fakta om Jondal kommune

Ordførar: Jon Larsgard (Sp)

Areal: 247 km²

Folkemengde: 1.108

Fylke: Hordaland

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev

 
Artikkel: Jon Larsgard (Sp), ordførar i Jondal kommune