Ordførerpraten

Gunhild Berge Stang (V), ordførar i Fjaler kommune

På sørsida av Dalsfjorden i Sogn og Fjordane ligg Fjaler kommune. Ordførar Gunhild Berge Stang (43) er stolt av kommunen sin, men skulle ho besøkt ein annen, hadde ho valt Eid kommune.

Gunhild Berge Stang (V), ordførar i Fjaler kommune
Gunhild Berge Stang er ordførar i Fjaler kommune.

Nemn tre gode grunnar for å besøke Fjaler kommune:
Det er fleire gode grunnar til å vitje Fjaler. Kommunen er blant anna forfattaren Jakob Sande sin heimstad. Gardstunet han vaks opp i er fint restaurert og fungerer som eit museum. Av andre aktivitetar har vi Teaterfestivalen i Fjaler, ein festival med profesjonelt høgt kunstnarleg nivå. Eg må 
også nemne Haugland Rehabiliteringssenter som har eit svært populært badeland og leirskuletilbod.

Kva for ein annen kommune enn din eigen vil du besøke og kvifor? 
Sidan eg er veldig historieinteressert, så ville eg ha vald Eid kommune. Eid utmerkar seg med sin særeigne arkitektur i sentrum. Sagastadprosjektet på Eid held no på å byggje ein kopi av vikingskipfunnet på Eid – det største vikingskipet som er funne i Noreg. Det blir eit syn. Eid er ein populær turiststad og det er ikkje utan grunn. 

Kva har overraska deg mest ved å vere ordførar? 
Eg trur det må vere kor stort handlingsrom vi faktisk har som lokalpolitikarar.

Kva for ei snor klippa du sist?
Eg opna den nye barnehagen i kommunen. Sjølve snorklippinga vart utført av to av barnehageungane. Dei har stort potensiale som framtidige ordførarar.

Kva for sosiale medium brukar du mest?
Det må 
nok bli Facebook. 

Korleis skal du tilbringe årets sommarferie? 
Det blir Legoland og besøk til svigermor som bur i Horten. Eg skal prøve å slappe av og lade opp til valkamp.

Kva manglar i din kommune?
Vi har ei fin folketalsutvikling og kommunen ligg i toppsjiktet blant kommunane i fylket når det gjeld næringsattraktivitet. Men vi har stor mangel på bustader og det er den største utfordringa for folketalsutviklinga. Vi manglar også eit større hotell, det burde vi hatt!

Viss du hadde pengar til eit godt tiltak for ungdom i kommunen din - kva ville du brukt dei til? 
Vi har nett hatt ei undersøking blant ungdommen vår som fortel at dei saknar betre møteplassar. Det må vi få gjort noko med.

Fakta om Fjaler kommune

Ordførar: Gunhild Berge Stang (V)

Areal: 416 km²

Folkemengde: 2.823

Fylke: Sogn og Fjordane

Meld deg på vårt nyhetsbrev

 
Artikkel: Gunhild Berge Stang (V), ordførar i Fjaler kommune