Ordførerpraten

Gerd Helen Bø (Sp), ordførar i Suldal kommune

I Suldal er ordførar Gerd Helen Bø (64) stolt over at Innovasjon Norge nettopp har godkjent dei første områda i kommunen i arbeidet for å verte eit berekraftig reisemål.

Gerd Helen Bø (Sp), ordførar i Suldal kommune
Gerd Helen Bø er ordførar i Suldal kommune.

Nemn tre gode grunnar for å besøke Suldal kommune:
Først og fremst er det på grunn av dei som bur her i kommunen. Suldølen er eit gjestfritt folkeslag, dei tek vel i mot gjestene som kjem til kommunen vår og har alltid ei god historie å fortelja. Dei er opptekne av historia og kulturen.

Eit rikt kulturliv er og ein god grunn for å vitja kommunen vår. Suldal vart årets kulturkommune i Rogaland i 2017. Me har aktive kunstnarar, musikarar, fleire kor og elles eit variert kulturliv i grendene våre.

Ein tredje grunn er naturen vår. Vatn har vore eit nøkkelord for Suldal gjennom tidene heilt fram til i dag. Me har eit reiseliv som satsar på kultur og arkitektur, og opplevingar kring vatn og vassdrag. I kommunen vår har det vore store vasskraftutbyggingar, noko som har gitt lettare tilgang til høgfjella der ein møter mektig natur og imponerande dammar.

Førrevassdammen i Suldal kommune. Foto: Statkraft.

Kva for ein annen kommune enn din eigen vil du besøke og kvifor?
Nasjonal turistveg Ryfylke vart for ein årstid sidan utvida, den går nå gjennom store delar av kommunen vår. Dersom eg skulle vitja ein annan kommune ville det vore interessant med ein kommune som også har ein nasjonal turistveg. Det ville ha vore spennande å sjå korleis dei har utnytta det potensialet det er for reiselivet og næringslivet å ha ein slik veg gjennom kommunen. Då tenkjer eg til dømes på Gaular kommune.

Høsebrua i Suldal. Den vart markedsført i samband med Nasjonal turistveg Ryfylke. Foto: Kjetil Brekke.

Kva har overraska deg mest ved å vere ordførar?
Det som har overraska meg mest med å vera ordførar er bredden i arbeidet, frå dei store overordna områda til møtet med einskild menneska og skjebnen deira. Kommunikasjon er svært viktig både mellom oss politikarar og med innbyggjarane og næringslivet i kommunen. Det kan og til tider vera einsamt å vera den einaste heiltidspolitikaren.

Kva for ei snor klippa du sist?
Sist eg klippa ei snor var då me opna ein skule att. Ein skule som me hadde hatt ei større rehabilitering av.

Kva for sosiale medier brukar du mest?
Av sosiale medier er det Facebook eg nyttar, både mi eiga side og kommunen si. Men det vert nok litt i det minste laget. Eg tenkjer det er Facebook eg når flest av innbyggjarane gjennom.

Kva manglar i din kommune?
I Suldal ønskjer me oss fleire innbyggjarar. Me har utfordring knytta til rekruttering når det gjeld fleire yrker.

Torget på Sand i Suldal. Foto: Privat.

Kva er du mest stolt av at dykkar har fått til i kommunen?
Nå er eg stolt over at Innovasjon Norge nettopp har godkjent dei første områda i arbeidet for å verte eit berekraftig reisemål. Dette er eit arbeid som både næringa og kommunen står bak.

Viss du hadde pengar til eit godt tiltak for ungdom i kommunen din - kva ville du brukt dei til?
Dersom eg hadde pengar til eit godt tiltak for ungdom i kommunen, ville eg teke kontakt med ungdomsrådet og høyrt kva tiltak dei meiner me bør satse på.

Fakta om Suldal kommune

Ordførar: Gerd Helen Bø (Sp)

Areal: 1736,88 km²

Folkemengde: 3853

Fylke: Rogaland

Meld deg på vårt nyhetsbrev

 
Artikkel: Gerd Helen Bø (Sp), ordførar i Suldal kommune