Dette seminaret er ein unik sjanse til å lære av dei beste innan klarspråksarbeidet. Vinnarane av klarspråksprisane vil dele sine erfaringar, og digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung vil stå for utdeling av prisane.

Faglig påfyll og diskusjon

Trine Skei Grande, administrerande direktør i Den norske Forleggarforeininga, vil reflektere rundt lesing, leselyst og leseevner.

Representantar frå Digitaliseringsdirektoratet, KS og Språkrådet vil delta i ein panelsamtale om klarspråk og demokrati.

Geir Bjarte Hjetland frå NRK vil presentere korleis klarspråk kan styrke demokratiet.

Kven bør delta?

Dette seminaret er opent for alle interesserte, men det er spesielt relevant for dei som jobbar med kommunikasjon, informasjon og brukarretta tenester i kommunesektoren. Dette er ein flott moglegheit for målgruppa til å utvikle kompetansen innan klarspråk og få ny innsikt i korleis vi kan auke deltakinga i samfunnet gjennom tydeleg kommunikasjon

Samarbeid for klarare kommunikasjon

Arrangementet er eit samarbeid mellom Språkrådet, KS og Digitaliseringsdirektoratet. Saman jobbar vi for å fremje klart og forståeleg språk i offentleg sektor, med mål om å styrke demokrati og inkludering i samfunnet.

Meir informasjon, program, påmelding og nettsending